Prioriteringsliste - Tiltak etter uvêret Hans - Ny handsaming
Vedtak
Ål kommunestyret vedtek å følgje revidert prioriteringsliste frå Skred AS. I tillegg gjeld følgjande:
1.Der det er naturleg å gjere fleire tiltak samstundes vil alle tiltaka få same prioritering som tiltaket med høgast prioritering. 2.Dei sakene som får anbodspris høgare enn estimatet frå Skred AS skal opp att til politisk handsaming for å avgjere fordeling av kostnadane. 3.I dei tilfella eigar ikkje ønskjer sikringstiltak skal ikkje Ål kommune gå vidare med tiltaka. 4.Det skal bu folk på adressa for at det skal være aktuelt å byggje sikringstiltak. 5.Drift- og vedlikehaldsplikt med tiltaka vert avklara i kvar enkelt sak, og vert lagt fram for kommunestyret saman med finanieringa av distriktsandelen. I utgangspunktet er det eigar som har drifts- og vedlikehaldsplikt på tiltak på eigen eigedom. 6.Dersom det dukkar opp tilfelle som ikkje er dekka av unntaka, og der rådmannen meiner det er gode grunnar for å avvike lista, må saka leggjast fram for politisk handsaming i STNR, formannskap og kommunestyre.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 35/2026 i møte den 23.04.2026
Lars Sandåker (H) stilte spørsmål om sin habilitet i saka etter forvaltningsloven §6b då eigedomen til far hans er nemt i vedlegg 1 prioriteringsliste i saka. Han vart av eit samrøystes kommunestyre kjent habil.
Leiar i STNR Torhild Helling Bergaplass (H) innleia om saka.
Forslag frå Torhild Helling Bergaplass (H) om nytt pkt. 5: Drift- og vedlikehaldsplikt med tiltaka vert avklara i kvar enkelt sak, og vert lagt fram for kommunestyret saman med finansieringa av distriktsandelen.
Forslag frå Solveig Løkensgard Arnegard (Sp) om at pkt. 5 blir skilt ut og sendt tilbake til admininistrasjonen og for ny utgreiing i ei eiga sak. Dette blir omformulert til eit utsetjingsforslag av heile saka. .......... Knut Einar Haug (H) ber om gruppemøte .......... Votering over utsetjingsforslaget:
Utsettelsesforslaget frå (Sp) får 6 røyster (SP) og fell mot 19 røyster. .......... Forslag frå Liv Torunn Torpe (Frp):
Forslag til vedtak på prioriteringslista: Med heimel i kommunen sitt ansvar for samfunnstryggleik og beredskap, og på bakgrunn av dokumentert skadeomfang og risikovurderingar etter uværet Hans, vedtek kommunestyret følgjande reviderte prioritering av sikringsarbeid:
1. Breievegen 137
2. Reintonvegen 52 og Breievegen 257, der sikringstiltak skal planleggjast og gjennomførast som eit samla tiltak. Breievegen 259 må strykast, då dette huset er ubebod.
3. Oppsatovegen 72
4. Breievegen 257 dersom eigedomane i pkt. 2 vert 2 ulike tiltak. Øvrige eigedommar i gjeldande prioriteringsliste skal gjennomgåast og eventuelt omprioriterast basert på oppdatert risikovurdering, med særleg vekt på eigedommar i raud sone og nærleik til bekkar og elveløp. Rådmannen vert gjeve fullmakt til å:
• planleggje og gjennomføre nødvendige sikringstiltak i samsvar med prioriteringa
• gjere naudsynte faglege og økonomiske disposisjonar innanfor vedtekne budsjettrammer
• innhente naudsynte avklaringar og løyve frå relevante styresmakter
Forslag til nytt pkt. 2 og 5. i vedtaket:
2. Sikringstiltak skal lysast ut og gjennomførast med utgangspunkt i kostnadsestimat utarbeidd i prosjekteringsfasen. Det skal leggjast til grunn stram kostnadsstyring i gjennomføringa. Dersom lågaste innkomne tilbod overstig kostnadsestimatet vesentleg, skal kommunen vurdere justering av omfang eller løysing, eventuelt ny utlysing av konkurransen. Dersom kostnadsauken ikkje kan handterast innanfor vedtekne rammer, skal saka leggjast fram for ny politisk handsaming.
5. Ål kommune skal ha ansvar for overordna drift og vedlikehald av gjennomførte sikringstiltak, for å sikre at tiltaka fungerer etter føremålet og ivaretek samfunnstryggleiken. Kommunen skal føre naudsynt tilsyn med tiltaka. For tiltak som i hovudsak tener einskilde eigedommar, kan det i særskilde tilfelle vurderast om eigar(ar) skal bidra til drift og vedlikehald. Då skal dette leggjast fram til politisk hansaming før avgjerd vert teken.
Forslag frå Bjørg Torsteinsrud (Sp):
Tillegg til Høgre sitt forslag til nytt pkt. 5: I utgangspunktet er det eigar som har drifts- og vedlikehaldsplikt på tiltak på eigen eigedom. Nytt pkt 4. Det skal bu folk på adressa for at det skal være aktuelt å byggje sikringstiltak.
Knut Einar Haug (H): Høgre støttar forslag frå Senterpartiet om tillegg til Høgre sitt forslag om nytt pkt. 5 Omforeint forslag frå Høgre og Senterpartiet om nytt pkt. 5 vert då:
5.Drift- og vedlikehaldsplikt med tiltaka vert avklara i kvar enkelt sak, og vert lagt fram for kommunestyret saman med finanieringa av distriktsandelen. I utgangspunktet er det eigar som har drifts- og vedlikehaldsplikt på tiltak på eigen eigedom.
Votering 1:
Formannskapet si innstilling til prioriteringsliste opp mot Fremskritspartiet sitt framlegg:
Formannskapet si innstilling til prioriteringsliste vart vedteke med 23 røyster mot framlegg frå Frp som fell med 2 røyster (2Frp)
Votering 2:
Formannskapet si innstilling til pkt. 2 opp mot framlegg frå Fremskritspariet sitt framlegg:
Formannskapet si innstilling til pkt. 2 vart vedteke med 23 røyster mot framlegg frå Fremskritspartiet som fell med 2 røyster (2Frp)
Votering 3:
Framlegg frå Senterpartiet til nytt pkt. 4 opp mot formannskapet si innstilling:
Framlegg frå Senterpartiet til nytt pkt. 4 vart vedteke med 23 røyster mot formannskapet si innstilling som fell med 2 røyster (2Frp)
Votering 4:
Framlegg frå Fremskritspartiet til pkt. 5 mot formannskapet si innstilling:
Framlegg frå Fremskritspartiet til pkt. 5 fall med 2 røyster (2Frp) mot formannskapet si innstilling som fekk 23 røyster
Votering 5:
Omforeint framlegg til pkt. 5 frå Høgre og Senterpartiet opp mot formannskapet si innstilling:
Omforeint framlegg til pkt. nr 5 frå Høgre med tillegg frå Senterpartiet vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.