Retningsliner om leirskule og skuletur i skulen sin regi og eventuell "deltaking" av føresette
Vedtak
Kommunestyret vedtek «Retningsliner om leirskule og skuletur i skulen sin regi og eventuell «deltaking» av føresette» slik den ligg føre.
Retningsliner om leirskule og skuleturar i skulen sin regi og ev. «deltaking» av føresette I utgangspunktet drar elevar på leirskule og overnattingstur med lærarar og elevveileder. I svært spesielle tilfelle der skulen vurderer av helsemessige årsaker at føresett bør vere med på leirskule og skuleturar, gjeld følgande:
Det ligg føre skriftleg uttale frå spesialisthelsetenesta / fastlege som stadfestar at det er heilt nødvendig at føresett deltek, og at det ikkje er forsvarleg med berre elevveileder.
Dekking frå skulen:
Reise til og frå skuleområdet til turstaden. Overnatting knytt til leirskulen eller skuleturen.
Vilkår for føresett:
Føresett skal signere teieplikterklæring. Føresett har hovudansvar for sitt barn under heile turopphaldet. Det vil kunne bli gjort eigne avtalar mellom skule og føresett ut frå behov og type tur etter skulen sine vurderingar. Skulen dekkjer som hovudregel ikkje tapt arbeidsforteneste. Føresett må sjølv undersøke moglegheita for velferdspermisjon hos eigen arbeidsgjevar. Føresett kan søkje om hjelpestønad frå NAV: Hjelpestønad - nav.no.
Unntak:
I særskilde tilfelle der skulen har vurdert at det av helsemessige årsaker er naudsynt at føresett deltek, kan skulen dekkje kostnadar tilsvarande lønssats for assistent i ordinær skuletid. Dette blir vurdert individuelt i kvar einskild sak av skulen. Det må ligge føre dokumentasjon på at føresett har søkt både velferdspermisjon og hjelpestønad frå NAV, men har fått avslag.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 12/2026 i møte den 19.02.2026
Ordførar Jørund Li (H) innleia om saka. Det kom ingen nye framlegg.
Formannskapet si i innstilling vart samrøystes vedtatt.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.