Høyring - Konsesjon for løyve til akvakultur - Upstream AS
Vedtak
Ål kommune er positiv til konsesjonssøknaden for Upstream AS i Kleivi næringspark. Det er ei forventning om at Buskerud fylkeskommune, Statsforvaltar og Mattilsynet set krava slik at det vert ein sikker og god produksjon der risikoen for ureining i vassdrag vert så liten som mogleg.
Ål kommune vil at Buskerud Fylkeskommune vurderer om det bør bli gjennomført ein uavhengig konsekvensutgreiing av tiltakets påvirkning på Strandafjorden og Hallingdalsvassdraget, herunder risiko knytt til forureining, utslepp og spreiing av smittestoff.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 3/2026 i møte den 22.01.2026
Torhild Helling Bergaplass (H) innleia om saka.
Ordførar opplyste om at ordet "Statsforvaltar" i STNR si tilråding må endras til "Buskerud fylkeskommune", då det er dei som tek stilling til ei evt. konsekvensutgreiing. Det var ingen innsigelsar mot dette, og ordet vart endra til "Buskerud fylkeskommune" i STNR si tilråding.
Framlegg frå Torhild Helling Bergaplass (H) om rådmannens innstilling:
Ål kommune er positiv til konsesjonssøknaden for Upstream AS i Kleivi næringspark. Det er ei forventning om at Buskerud fylkeskommune, Statsforvaltar og Mattilsynet set krava slik at det vert ei sikker og god produksjon der risikoen for ureining i vassdrag vert så liten som mogeleg.
Framlegg frå Marit Sehl (SV):
Ål kommune meiner at konsesjonssøknaden for Upstream AS i Kleivi næringspark ikkje Enno er tilstrekkeleg utgreidd. Dersom Buskerud fylkeskommune, Statsforvaltar og Mattilsynet etter grundig gjennomgang av prosjektet finn at risiko for forringing av Strandafjorden og Hallingdalsvassdraget er tilnærma lik null, vil kommunen kunne stille seg positiv til tiltaket.
Framlegg frå Hevig Johanne Rud (Ap) om endra ordlyd i andre avsnitt i innstillinga frå sektorutval for teknisk, næring og ressurs:
Ål kommune vil at Buskerud Fylkeskommune vurderer om det bør bli gjennomført ein uavhengig konsekvensutgreiing av tiltakets påvirkning på Strandafjorden og Hallingdalsvassdraget, herunder risiko knytt til forureining, utslepp og spreiing av smittestoff.
Det vart halde gruppemøte etter ønske frå Ivar Brevik (Sp). Ordføraren kalla inn til gruppeleiarmøte for å avklare framgangsmåte på votering.
1.votering:
Framlegget frå Torhild Helling Bergaplass (H) om rådmannens innstilling opp mot framlegget frå Marit Sehl (SV):
Framlegget frå Marit Sehl (SV) fekk 1 røyst (SV) Framlegget frå Torhild Helling Bergaplass (H) fekk 24 røyster (8Ap, 7H, 6Sp, 2Frp, 1V) Prøverøysting:
Det vart halde prøverøysting over dei to forlaga til ordlyd i andre avsnitt, framlegget frå Hedvig Johanne Rud (Ap) opp mot innstillinga frå sektorutval for teknisk, næring og ressurs:
Framlegget frå Hedvig Johanne Rud (Ap) fekk 22 røyster (8Ap, 7H, 5Sp O.T. Oleivsgard, S.L. Arnegard, I.M. Breivik, T. Arnegard, B. Torsteinsrud, 1V, 1SV) Innstillinga frå sektorutval for tekninsk, næring og ressurs fekk 3 røyster ( 1Sp A.L Herfoss, 2 Frp) 2.votering:
Framlegget frå Hedvig Johanne Rud (Ap) opp mot framlegget frå Torhild Helling Bergaplass (H):
Framlegget frå Torhild Helling Bergaplass (H) fekk 9 røyster (7H, 2 Frp) Framlegget frå Hedvig Johanne Ruud (Ap) vart vedtatt med 16 røyster (8Ap, 6Sp, 1V, 1SV)
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.