Eigedomar i utsette område etter uvêret Hans - Eigedomskatt og buplikt
Vedtak
Ål kommunestyre gjer slikt vedtak:
1. Eigedomar med sannsynlegheit for skred- og flaum større enn 1:1000 skal prioriterast først ved retakseringa i 2027.
2. Eigedomar som har byggje- og deleforbod skal vere fritekne for eigedomsskatt.
3. Det vert gjeve fritak for buplikt for eigedomar med byggje- og deleforbod.
4. Punkt 2 og 3 gjeld fram til bygge og deleforbud evt. blir oppheva.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 53/2026 i møte den 18.06.2026
Dagfinn Bøygard (Ap) innleia om saka.
Tor Olav Tveito (H) fremja høgre sitt mindretalsframlegg frå STNR:
1. Bustadeigedomar som er kartlagt og som har skred- eller flaumsannsynlegheit større enn 1:1000 vert eige takstsone ved retakseringa i 2027. Desse eigedomane skal prioriterast først.
2. Det vert gjeve fritak frå eigedomsskatt og buplikt for desse eigedomane fram til retakseringa.
3. Oppheving av buplikt gjev ikkje rett til omgjering til fritidsbustad.
Formannskapet si innstilling vart vedteke med 15 røyster (7Ap Bøygard, Prestegard, Ruud, Skalle, Grue, Buseth og Frydenlund, 1SV, 1V og 6Sp) mot framlegget frå Tor Olav Tveito (H) som fall med 10 røyster (7H, 2Frp, 1Ap Nilsen).
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.