Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Ål · Saker

Lokal forskrift - Gebyr Vatn og avløp

Sak 31/2026 · Kommunestyret 23. april 2026 · Behandlet

Vedtak

Ål kommunestyre vedtek å legge forskrift om vass- og avløpsgebyr, Ål kommune Buskerud, ut på høyring med følgjande ny tekst på to paragrafar:

§2-1. Gebyrplikt Gebyr for tilknyting til kommunalt vass- og/eller avløpsanlegg skal betalast for:

a.Tilknyting av eigedom. b.Tilknyting av eigedom som kommunen krev tilknytt. c.Eigedom med tilknyting som ikkje er godkjent. d.Seksjonering av allereie tilknytt eigedom skal betale for kvar ny seksjon som blir tilknytt. e.Eigedom som ikkje er seksjonert skal også betale for kvar bruks-/bueining som blir tilknytt. For kvar bueining er det unntak for ein hybel (som ikkje er eiga bueining).

Tilknytingsgebyr for tilknyting til vatn og/eller avløp skal ikkje betalast for:

a.Bygg som har mellombels tilknyting i opptil tre år, til dømes brakkerigg. Dersom tilknytinga varer i meir enn tre år, skal det verte kravd tilknytingsgebyr. b.Særskild tilknyting av sprinklaranlegg. c.Tiltak som utvidar bruks-/bueining sitt gebyrpliktige bruksareal etter § 1-6.

§3-3 Abonnementsgebyr Bustadeigedom skal betale abonnementsgebyr som ein fast sats per bueining. Eigedom med hybel eller sokkelleilegheit betaler ikkje abonnementsgebyr for første bueining som er hybel eller sokkelleilegheit. Fritidseigedom skal betale abonnementsgebyr etter fastsett sats per bueining i gebyrregulativet. Eigarseksjonssameige med felles vassmålar i bygning kor det både er bueiningar og brukseiningar med næringsverksemd, skal betale abonnementsgebyr som ein fast sats per bruks-/bueining. Nærings- og kombinasjonseigedom skal betale abonnementsgebyr etter fastsette kategoriar som speglar vassforsyningskapasiteten til den einskilde eigedom. Kategoriane kjem fram av gebyrregulativet. For sprinklaranlegg gjeld eigne satsar.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret har behandla sak 31/2026 i møte den 23.04.2026

Leiar i STNR Torhild Helling Bergaplass (H) innleia i saka. Forslag frå Dagfinn Bøygard (Ap): Innstilling frå rådmannen med tillegg av siste setning i mindretalsframlegget i Formannskapet: For ubebygd tomt kan kommunen fortsette særlege reglar for gebyrberekning eller inngå særlege avtaler.

Formannskapet si innstilling vart vedteke med 15 røyster (7H, 6Sp, 2Frp) mot 10 røyster for framlegget til Dagfinn Bøygard (Ap).

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.