Søknad om tilskot til VM Telemark 2027
Vedtak
Ål kommune tildeler kr. 300 000,- i tilskot øyremerka til arrangementet "VM i Telemark 2027". Takast frå disposisjonsfondet. Ål kommune ber om rekneskap som visar bruken av alle midlar etter VM er gjennomført.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 5/2026 i møte den 22.01.2026
Tor Olav Tveito (H) stilte spørsmål om inhabilitet, fordi han er styreleiar i Ål skisenter og far hans er grunneigar. Han vart med heimel i Forvaltningslova §6b samrøystes kjent inhabil og gjekk frå ved behandling av saka. Varamedlem Geir Ove Buseth (H) tok plass i hans stad. Knut Einar Haug (H) stilte spørsmål om inhabilitet, fordi han er eigar av Ål skisenter. Han vart med heimel i Forvaltningslova §6b samrøystes kjent inhabil og gjekk frå ved behandling av saka. Ingen vara kunne stille og 24 av 25 medlemmer behandla saka.
Anders Lunden Herfoss (Sp) innleia om saka.
Det låg føre slik innstilling frå formannskapet:
Ål kommune tildeler kr. 135 000,- samt stiller ein underskotsgaranti på inntil kr. 165 000,-. Innvilgast frå disposisjonsfondet.
Framlegg frå Torhild Helling Bergaplass (H) om innstillinga frå sektorutval for kultur og oppvekst.
Framlegget frå Torhild Helling Bergaplass (H) opp mot formannskapet si innstillig:
Framlegget frå Torhild Helling Bergaplass (H) vart vedteke med 13 røyster (4Ap I. S. Skalle, J.E. Grue, A.B. Frydenlund, H.Haugstøl, 6H, 2Frp, 1V). Mindretalet (11) røysta for innstillinga frå formannskapet (4Ap D.Bøygard, H.J. Rud, O. Buseth, L. Prestegard, 1SV og 6 Sp).
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.