Fastpris eller rabatt på straum i 2026 frå Ål Kraftverk KF
Vedtak
Til næringskundar blir det gitt ein rabatt på 80 % av forbruket av det som overstig 60 øre/kWh, rekna etter gjennomsnittleg spotpris i månaden for året 2026. Rabatten fell vekk når ein har oppnådd ein maksimal stønad på 300.000 Euro ( 3,5 mill. kr med dagens kurs) over ein løpande 3 års periode i offentlege stønader.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 131/2025 i møte den 18.12.2025
Dagleg leiar Ål Kraftverk KF Geir Tretterud innleia om saka. Frå Styret for Ål Kraftverk KF - Energiutva låg det føre tre alternativ til vedtak.
Tor Olav Tveito (H) fremma følgjande alternativ 1:
Det blir gitt tilbod om ein rabatt til næringskundar i Ål Kraftverk KF som resulterar i ein pris for 2026 på 50 øre/kWh for 100 % av forbruket rekna ut etter gjennomsnittleg pris i månaden. Rabatten fell vekk når ein har oppnådd ein maksimal stønad på 300.000 Euro ( 3,5 mill. kr med dagens kurs) over ein løpande 3 års periode i offentlege stønader.
Dagfinn Bøygard (Ap) trekte alternativ 3 om å ikkje gje rabattar for året 2026.
Ivar Brevik (Sp) fremma følgjande alterativ 2:
Til næringskundar blir det gitt ein rabatt på 80 % av forbruket av det som overstig 60 øre/kWh, rekna etter gjennomsnittleg spotpris i månaden for året 2026. Rabatten fell vekk når ein har oppnådd ein maksimal stønad på 300.000 Euro ( 3,5 mill. kr med dagens kurs) over ein løpande 3 års periode i offentlege stønader.
Alternativ 1 frå Styret for Ål Kraftverk KF - Energiutval fekk 9 røyster (7H, 2Frp) og fall mot 16 røyster for alterativ 2 (6Sp, 8Ap, 1V, 1SV).
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.