Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Ål · Saker

Skattebøl skule frå skuleåret 2026/2027

Sak 128/2025 · Kommunestyret 18. desember 2025 · Behandlet

Vedtak

1. Ål kommunestyre vedtek nedlegging av Skattebøl skule for å kunne drifte to barnehageavdelingar tilhøyrande Skattebøl banehage i skulelokala.

2. Ål kommunestyre ber om at ein ved tilpassing i forhold til barnehagedrift i lokala og uteområde skal legge vekt på fleksibilitet.

3. Ål kommunestyre ber om eiga sak når det gjeld kostander ift bygningsmessige tilpasningar ved godkjenning som barnehage.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret har behandla sak 128/2025 i møte den 18.12.2025

Framlegg frå Torhild Helling Bergaplass (H):

1. Ål kommunestyre vedtek nedlegging av Skattebøl skule for å kunne drifte to barnehageavdelingar tilhøyrande Skattebøl barnehage i skulelokala.

2. Ål kommunestyre ber om at ombygging / tilpassing i forhold til barnehagedrift i lokala og uteområde skal vektlegge fleksibilitet, slik at ein med små grep kan ta opp igjen skuledrift her.

3. Ål kommunestyre ber om eiga sak når det gjeld kostnader i forhold til bygningsmessige tilpasningar ved godkjenning som barnehage.

Framlegg frå Marit Sehl (SV):

Ål kommunestyre vedtek nedlegging av Skattebøl skule for å kunne drifte to barnehageavdelingar tilhøyrande Skattebøl barnehage i skulelokala.

Bjørg Torsteinsrud (Sp) og Lene Prestegard (Ap) fremma begge følgjande mindretalsframlegg frå formannskapet:

1. Ål kommunestyre vedtek nedlegging av Skattebøl skule for å kunne drifte to barnehageavdelingar tilhøyrande Skattebøl barnehage i skulelokala.

2. Ål kommunestyre ber om at ein ved tilpassing i forhold til barnehagedrift i lokala og uteområde skal legge vekt på fleksibilitet.

3. Ål kommunestyre ber om eiga sak når det gjeld kostander i bygningsmessige tilpasningar ved godkjenning som barnehage.

Framlegg frå Liv Torunn Gullstein Torpe (Frp) til punkt 1:

1. Ål kommunestyre vedtek omdisponering av Skattebøl skule for å kunne drifte to barnehageavdelingar tilhøyrande Skattebøl barnehage i skulelokala. --------- Det vart halde gruppemøte etter ønske frå Torhild Helling Bergaplass (H):

Etter gruppemøte trekte Torhild Helling Bergaplass (H) sitt framlegg, og varsla at Høgre vil gå inn for mindretalsframlegget frå formannskapet. ---------- I tilegg til dei framsette forslaga låg det føre følgjande punkt 3 og 4 frå formannskapet si innstilling:

3. Ål kommunestyre ber administrasjonen sjå på korleis ein kan restarta Skattebøl skule.

4. Ål kommunestyre ber administrasjonen sjå på kva som krevst for å opprette fleire barnehageplassar ved Sando barnehage.

Det vart røysta punktvis. Det vart ikkje røysta over punkt 1 i formannskapet si innstilling.

Punkt 1:

Framlegget frå Liv Torunn Gullstein Torpe (Frp) fekk 2 røyster (2Frp) og fall mot 23 røyster for mindretalsframlegget i formannskapet.

Det vart røysta over om punkt 2 skal inn i vedtaket. Det vart gitt 1 røyst (1SV) for at det ikkje skal vera eit punkt 2 i vedtaket.

Punkt 2:

Mindretalsframlegget i formannskapet vart vedteke med 24 mot 1 røyst (1SV)

Punkt 3:

Mindretalsframlegget i formannskapet vart vedteke med 24 mot 1 røyst (1SV)

Punkt 3 i innstillinga frå formannskapet fekk 2 røyster (2Frp) og fall mot 23 røyster.

Punkt 4 i innstillinga frå formannskapet fekk ingen røyster og fall.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.