Budsjett Ål Kraftverk KF 2026
Vedtak
Generalforsamlinga i Ål Kraftverk KF, Ål kommunestyre, vedtek framlagt forslag til budsjett som viser eit overskot på kroner 55.620.180 . Av overskotet blir 55.000.000 overført til eigar Ål kommune. Resten blir brukt til å auke eigenkapitalen i Ål Kraftverk KF.
Ved investeringar i kommunen skal ein framtidig pris på 60 øre/kWh, eksklusiv mva, leggast til grunn. Sal til kommunen sitt forbruk skal prisast til 15 øre/kWh.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 118/2025 i møte den 20.11.2025
Dagleg leiar Geir Tretterud innleia om saka.
Knut Einar Haug (H) fremma mindretalsframlegget frå styret i Ål kraftverk KF:
Generalforsamlinga i Ål Kraftverk KF, Ål Kommunestyre, vedtek framlagt forslag til budsjett som viser eit overskot på kroner 56.090.485. Av overskotet blir 55.000.000 overført til eigar Ål Kommune. Reisten blir brukt til å auke eigenkapitalen i Ål Kraftverk KF. Ved investeringar i kommunen skal ein framtidig pris på 60 øre/kWh, eksklusiv mva, leggast til grunn. Sal til kommunen sitt forbruk skal prisast til 20 øre/kWh.
Det vart halde gruppemøte etter ønske frå Liv Torunn Torpe (Frp).
Innstillinga frå styret i Ål Kraftverk KF vart vedteke med 17 røyster (8 Ap, 1 SV, 6 Sp, 2 Frp). Mindretalet (8) røysta for framlegget frå Knut Einar Haug (H) (7 H, 1 V).
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.