Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Ål · Saker

Interpellasjon frå dei politiske valde medlemmane i RMF

Interpellasjon 1/2025 · Kommunestyret 18. september 2025 · Behandlet

Vedtak

Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret har behandla sak 1/2025 i møte den 18.09.2025

Interpellasjon dei politiske valde medlemmane i RMF, Liv Torunn Gullstein Torpe og Olaf Buseth:

Rmf er eit lovpålagt råd. Me skal vera talerør for mennesker med nedsatt funksjonsevne. Me skal vera eit organ som kan brukast av kommuna ved re-etablering og nybygging av lokaler/bygningar, gangvegar, stigar, parkområde og liknande arenar der det er krav om universell utforming. Medlemmane som sit i RMF er i frå dei ulike organisasjonane som dei med nedsatt funksjonsevne er medlem av. Desse medlemmane sit på mykje erfaringar og kunnskap om kor det både er plass til store rullestolar, kor det er vanskeleg for både synshemmede og hørselshemmede å finne fram, samt utfordringar for andre med kanskje mindre synlege funksjonsevne. Me har i fleire periodar jobba hardt for å bli med i bygge- og rehabiliteringsaker i frå fyste spadetak, men ender opp med at me heller blir eit råd som kjem i etterkant når ting skal godkjennes. Og då står me der og påpeiker feil og manglar som fort kan bli dyrt å rette opp i. Me etterlyser eigentleg den automatikken det bør vera i å informere oss i tidleg fase, eller som det så fint heiter i oppvekst: tidleg innsats og inkludering. Spørsmålet vårt er: kan Ordførar, Rådmann væra med å kommunisere dette bedre ned i avdelingane i kommuna, slik at me heile tida er i forkant istaden for bak på hælen? Me i RMF føler at me nesten må vera ambulansejegere og jage etter saker, samt brannvesen for etterslukking, istaden for det me bør vera, nemleg konsulentar i alle saker som har i seg universell utforming. Det skal ikkje vera nødvendig at rådet skal sitte å leite gjennom alt kommuna driv med for å finne ut om det finnes saker me bør uttale oss i, eller befare. Liv Torunn Gullstein Torpe (FrP) RMF-medlem frå kommunestyre Olaf Buseth (AP) RMF-medlem frå Sektorutvalet for helse og omsorg

Svar frå ordføraren:

Ål kommune kan bli betre, så dette er ei viktig påminning. Rådmannen prøver å involvere medverknadsorgana i alle relevante saker, men det er ei utfordring at møta til RMF, eldreråd og ungdomsråd samsvarer berre delvis med politisk møteplan og er sjeldne. Dette kan gje utslag i fleire månader å vente om råda skal kome med uttale. Ordføraren vil minne utvalsleiarane på dette, og rådmannen vil ta dette opp med leiargruppa si. Når kommunestyret skal vedta møteplan for 2026, kan det vera lurt å sjå om ein bør byte møtedag eller veke, for om mogleg å gjera involveringa enklare og meir effektiv.

Solveig ordførar Tingstugu, 18.sept 2025

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.