Prioriteringsliste - Tiltak etter uvêret Hans
Vedtak
Ål kommune skal følgje prioriteringslista når vi skal i gang med nye prosjekt med sikringstiltak. Grunneigarar som har nytte av tiltaket skal vere med å betale ein eigendel innafor ei ramme på 10% av kostnaden. Ål kommunestyre avgjer eigendelen for grunneigarar i kvar einskild sak.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 70/2025 i møte den 18.09.2025
Tor Olav Tveito (H) innleia om saka.
Spørsmål frå Liv Torunn Gullstein Torpe (Frp):
Kva slags ansvar har ein grunneigar ang sikringstiltak, i forhold til dei som bur nedanfor dei, og som er rasutsatt?
Svar frå rådmann Karsten Dideriksen:
Det er ikkje enkelt svar på dette spørsmålet. Det korte svaret er at grunneigar ikkje har nokon lovfesta plikt til å gjennomføre sikringstiltak mot naturskade på eigeomen sin. Spørsmålet kan heller ikkje vurderast generelt, då det kjem an på kva type naturrisiko det er tale om, og i kva grad grunneigaren har hatt kjennskap til risikoen, og om det er rimelege tiltak som kan bli nytta. Det er her snakk om privatrettslegetiltak. --------
Framlegg frå Liv Torunn Gullstein Torpe (Frp):
Kommunestyret utsett saka inntil administrasjonen og STNR har behandla saka om buplikt og eigedomsskatt for eigedomane som ligg innan for 1/100 og 1/1000 fyrst.
Det vart halde gruppemøter etter ønske frå Torhild Helling Bergaplass (H).
Endra utsetjingsframlegg frå Liv Torunn Gullstein Torpe (Frp) etter gruppemøte:
Saka vert utsett til kommunestyre sitt neste møte 16. oktober.
Votering over det endra utsetjingsframlegget frå Gullstein Torpe (Frp):
Framlegget fekk 7 røyster og fall (2Frp, 5H K.Opheimsjorde, T.Helling Bergaplass, T.O.Tveito, K.E.Haug, J.Li)
Innstillinga frå formannskapet vart vedteke med 24 mot 1 røyst (8Ap, 1SV, 6Sp, 1V, 7H, 1Frp F.Kirkedelen) (L.T. Gullstein Torpe (Frp) røysta mot).
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.