Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Ål · Saker

110/142, 110/151, 110/376 og 110/371 - Eigarskap til vassleidning

Sak 71/2025 · Kommunestyret 18. september 2025 · Behandlet

Vedtak

Fordi det i denne konkrete saka kan være tvil om eigarskapen til stikkledning frå kum 1752 vil Ål kommune kome dei private partar i møte ved å dekkje halvparten av dei påløpte konstnadane (inkludert ny betongkum) ved den gjennomførte utbetringa. Ål kommune bør så snart som mogleg formalisere eit kart over VA-leidningar for dokumentasjon i eventuelle seinare saker.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret har behandla sak 71/2025 i møte den 18.09.2025

Juridisk rådgjevar Trine Ishoel innleia om saka.

Torhild Helling Bergaplass (H) fremja følgjande mindretalsframlegg frå sektorutval for teknisk, næring og ressurs:

Kommunestyret legg til grunn kommunens vedtak om overtaking av Sundre Vannverk med alle aktiva og passiva frå 1/9-1972. Det ligg ikkje føre andre opplysningar om tilhøvet mellom privat og offentleg eigarskap på dette tidspunktet, og ein må leggje til grunn at den aktuelle leidningen var med i overtakinga. Kommunen må difor ta kostnaden med utbetringa av vasslekkasjen utanfor Torget 5 i november 2024. Kommunestyret bed om at administrasjonen får kartlagt kven som var abonnentar ved Sundre Vannverk pr 1/9-1972. Dette for å vera betre rusta til å handtere liknande saker seinare. Kommunestyret bed om ei sak der dette vert klargjort for framtida.

Marit Sehl (SV) fremja følgjande innstilling frå sektorutval for teknisk, næring og ressurs:

Fordi det i denne konkrete saka kan være rimeleg tvil om eigarskapen til stikkledning frå kum 1752 vil Ål kommune kome dei private partar i møte ved å dekkje halvparten av dei påløpte konstnadane (inkludert ny betongkum) ved den gjennomførte utbetringa. Ål kommune bør så snart som mogleg formalisere eit kart over VA-leidningar for dokumentasjon i eventuelle seinare saker.

Det vart halde gruppemøter etter ønske frå Dagfinn Bøygard (Ap).

I tillegg til dei to framsette framlegga låg følgjande innstilling frå formannskapet føre:

Kommunestyret stadfestar at vassleidninga til Torget 5, Trolldalsvegen 7 og Trolldalsvegen 8 er ein privat leidning frå kum K1752. Prøvevotering:

Det var ingen røyster for formannskapet si innstilling, som dermed fall med 25 røyster.

Solveig Løkensgard Arnegard (Sp) gjorde framlegg om å ta inn innstillinga frå formannskapet som innleiing til Marit Sehl (SV) sitt framlegg.

Framlegget frå Marit Sehl (SV) vart vedteke med 13 røyster (8Ap, 1SV, 1V, 3Sp B.Torsteinsrud, S.Løkensgard Arnegard, O.T.Oleivsgard) Mindretalet 12 røysta for framlegget frå Torhild Helling Bergaplass (H) 7H, 2Frp, 3Sp I.Brevik, T.Arnegard, A.Lunden Herfoss)

Det vart til slutt røysta over framlegget frå Solveig Løkensgard Arnegard (Sp) om å ta inn innstillinga frå formannskapet som innleiing til vedtaket. Framlegget fekk 12 røyster og fall. (8Ap, 4Sp O.T.Oleivsgard, S.Løkensgard Arnegard, B.Torsteinsrud, A.Lunden Herfoss).

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.