Næringsfond 2025 - Totalberedskap AS
Vedtak
Kommunestyret løyver kr 750 000,- til prosjektet Totalberedskap AS. Dette kjem i tillegg til dei kr 150 000,- som næringsstyret har løyvd. Midla vert løyvd frå disposisjonsfondet.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 62/2025 i møte den 28.08.2025
Jørund Li (H) er styreleiar for prosjektet Totalberedskap AS og stilte spørsmål om sin habilitet. Jørund Li (H) vart med heimel i Forvaltningslova §6e samrøystes kjent inhabil til å behandle saka. Terje Holo Granheim (H) tok plass som vararepresentant for Li.
Ordførar Solveig Vestenfor (Ap) stilte spørsmål om sin habilitet etter Forvaltningslova §6e, særegne forhold. Kommunestyret ser ikkje at rolla ho har hatt i styringsgruppa for Totalberedskap AS har påverka søknaden, då dette har vore som regionrådsordførar og ordførar i Ål kommune. Ordførar Solveig Vestenfor (Ap) vart samrøystes kjent habil til å behandle saka.
25 av 25 representantar behandla saka.
Dagleg leiar Dag Muggerud og prosjektleiar Henrik Trømborg frå Totalberedskap AS informerte om prosjektet.
Det var ingen nye framlegg.
Innstillinga frå formannskapet vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.