Busetting av fleire einslege mindreårige flyktningar 2025
Vedtak
1. Kommunestyret i Ål kommune vedtek å ta imot inntil 5 (3 i tillegg til dei 2 som er busett) einslege mindreårige flyktningar innanfor tidlegare vedteke ramme på busetting av 20 flyktningar i 2025.
2. Rådmannen får fullmakt til å opprette nødvendige mellombelse stillingsheimlar i dei aktuelle tenestene ved behov, innanfor ramma av integreringstilskot og særskilt tilskot for einslege mindreårige flyktningar.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 49/2025 i møte den 12.06.2025
Lene Prestegard (Ap) innleia om saka.
Det var ingen nye framlegg.
Innstillinga frå sektorutval for helse og omsorg og sektorutval for kultur og oppvekst vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.