Revidering av planprogram for kommuneplanens arealdel (fritidsbustader)
Vedtak
Kommunestyret vedtek revidert planprogram for arealdelen av kommuneplanen 2022-2035, med følgjande endringar:
1. Endring av ordlyd i kap. 7., 7.1 og 7.2 for å presisere rekkefølge og framgangsmåte på prosess knytt til utgreiingsbehov, grov- og finsiling:
Kap 7. Utgreiingsbehov Alle innspel til ny arealbruk må gjennom ein silingsprosess (grovsiling og finsiling). Innspel som ikkje er i tråd med sentrale nasjonale mål, lovverket eller kommunale arealføringar vil bli føreslege lagt til side. Det er administrasjonen som gjer silingsprosessen og KPU som vedtek kva forslag som blir silt ut, i ei politisk sak. Innspel som blir vurdert som uaktuelle i grovsilinga gjeldt t.d. bygging i snaufjell, på myr, i rasutsette område og på viktige naturtyper. For dei resterande innspela vil administrasjonen i samspel med planfremjar og andre aktuelle partar sjå området i ein større samanheng gjennom områdeanalyser.
Kap 7.1 Områdeanalyse I Ål har me fleire område for fritidsbustader der det skal gjennomførast områdeanalyser. I grovsilinga har me nytta områdenamna:
1. Øvre Ål, Torsbu, Primhovda og Ål skisenter
2. Sangefjell
3. Veståsen
4. Torpo og Oppheimsåsen
5. Syningen
6. Votndalsåsen
7. Leveldåsen
8. Vats
9. Bergsjø-Rødungen
Målet med analysene er å få fram dagens situasjon og bruk av området, og utfordringar og behov for framtida. Det inkluderar til dømes: behov/ utfordringar knytt til infrastruktur, natur- og kulturverdiar, løyper og stigar, beiteareal, naturtyper og attraktivitet/ reiselivstilknytning. Analysene tek sikte på å kartlegge eventuelle behov for utvikling, samt eksisterande utfordringar knytt til klima/miljø, trafikk, sosiale høve og økonomi.
Områdeanalysene blir utført av administrasjonen på fagleg grunnlag og ved bruk av tilgjengelege kunnskapsverktøy (t.d. GIS-verktøy, kartleggingsverktøy frå NINA, NIBIO og NIKU, og/eller DOK-analyser. Analysene blir etter kvart som dei er klare lagt fram for planfremjar/ grunneigarar og eventuelt andre relevante aktørar på innspelsmøter. Møta opnar ikkje for nye innspel, men administrasjonen kan etter dialog med møtedeltakarane justere områdeanalysene t.d. for å supplere med lokalkunnskap og tydeleggjere formuleringar.
Kap 7.2 Konsekvensutgreiing Konsekvensutgreiing av det enkelte planforslag blir utført etter grovsilinga og etter at områdeanalyse for det gjeldande området der forslaget er plassert, er ferdigstilt.
Konsekvensutgreiing kallast også finsiling. Her blir miljømessige, økonomiske og sosiale konsekvensar ved det enkelte planforslaget vurdert. For vurdering av konsekvens vert det vist til skjema som syner vurderingsmetodikk.
2. Oppdatert tidsline/ framdriftsplan for planfase 2: Utgreiingar og planløysing, og fase 3: Planforslag og sakshandsaming.
Framdriftsplan kap. 8.4 i planprogrammet:
Fase 2: Utgreiingar og planløysing Oversikt over innspel i planprogrammet:
• Grovsiling
August - september Adm.
2025
• Områdeanalyser Adm/berørte partar:
Oktober - grunneigarar/hyttevel/
desember 2025 innbyggarar Adm.
• Konsekvensutgreiing Adm.
og Risiko- og sårbarheitsanalysar Desember - februar 2026 Eventuelt nye utgreiingar
Planvask Oktober 2025 - mai Adm. og grunneigarar
2026
Utarbeid framlegg til revidert Januar 2026 - mai Adm.
arealdel: 2026
• Føresegner
• Planskildring inkludert konsekvensutgreiing og Ros
• Plankart Fase 3: Planforslag og planhandsaming
Politisk handsaming av Mai 2026 Kommuneplanutvalet
planframlegg
Plan ut på offentleg høyring og Juni 2026 - Adm.
ettersyn: september 2026
Offentlege instansar/
• Folkemøter/grende-Innbyggarar/interesse-møter org./hyttevel/grunneigarar
• Annonsering, informasjon, formidling
• Offentlege møter
Vurdere innspel til Oktober – Adm.
planforslaget, moglege november 2026
endringar, evt nye utgreiingar
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 39/2025 i møte den 15.05.2025
Marit Sehl (SV) innleia om saka og las opp følgjande justerte innstilling til vedtak frå kommuneplautvalet:
Kommunestyret vedtek revidert planprogram for arealdelen av kommuneplanen 2022-2035, med følgjande endringar:
1. Endring av ordlyd i kap. 7., 7.1 og 7.2 for å presisere rekkefølge og framgangsmåte på prosess knytt til utgreiingsbehov, grov- og finsiling:
Kap 7. Utgreiingsbehov Alle innspel til ny arealbruk må gjennom ein silingsprosess (grovsiling og finsiling). Innspel som ikkje er i tråd med sentrale nasjonale mål, lovverket eller kommunale arealføringar vil bli føreslege lagt til side. Det er administrasjonen som gjer silingsprosessen og KPU som vedtek kva forslag som blir silt ut, i ei politisk sak. Innspel som blir vurdert som uaktuelle i grovsilinga gjeldt t.d. bygging i snaufjell, på myr, i rasutsette område og på viktige naturtyper.
For dei resterande innspela vil administrasjonen i samspel med planfremjar og andre aktuelle partar sjå området i ein større samanheng gjennom områdeanalyser.
Kap 7.1 Områdeanalyse I Ål har me fleire område for fritidsbustader der det skal gjennomførast områdeanalyser. I grovsilinga har me nytta områdenamna:
1. Øvre Ål, Torsbu, Primhovda og Ål skisenter
2. Sangefjell
3. Veståsen
4. Torpo og Oppheimsåsen
5. Syningen
6. Votndalsåsen
7. Leveldåsen
8. Vats
9. Bergsjø-Rødungen
Målet med analysene er å få fram dagens situasjon og bruk av området, og utfordringar og behov for framtida. Det inkluderar til dømes: behov/ utfordringar knytt til infrastruktur, natur- og kulturverdiar, løyper og stigar, beiteareal, naturtyper og attraktivitet/ reiselivstilknytning. Analysene tek sikte på å kartlegge eventuelle behov for utvikling, samt eksisterande utfordringar knytt til klima/miljø, trafikk, sosiale høve og økonomi.
Områdeanalysene blir utført av administrasjonen på fagleg grunnlag og ved bruk av tilgjengelege kunnskapsverktøy (t.d. GIS-verktøy, kartleggingsverktøy frå NINA, NIBIO og NIKU, og/eller DOK-analyser. Analysene blir etter kvart som dei er klare lagt fram for planfremjar/ grunneigarar og eventuelt andre relevante aktørar på innspelsmøter. Møta opnar ikkje for nye innspel, men administrasjonen kan etter dialog med møtedeltakarane justere områdeanalysene t.d. for å supplere med lokalkunnskap og tydeleggjere formuleringar.
Kap 7.2 Konsekvensutgreiing Konsekvensutgreiing av det enkelte planforslag blir utført etter grovsilinga og etter at områdeanalyse for det gjeldande området der forslaget er plassert, er ferdigstilt. Konsekvensutgreiing kallast også finsiling. Her blir miljømessige, økonomiske og sosiale konsekvensar ved det enkelte planforslaget vurdert. For vurdering av konsekvens vert det vist til skjema som syner vurderingsmetodikk.
2. Oppdatert tidsline/ framdriftsplan for planfase 2: Utgreiingar og planløysing, og fase 3: Planforslag og sakshandsaming.
Framdriftsplan kap. 8.4 i planprogrammet:
Fase 2: Utgreiingar og planløysing Oversikt over innspel i planprogrammet:
• Grovsiling August - september Adm.
2025
• Områdeanalyser Adm/berørte partar:
Oktober - grunneigarar/hyttevel/
desember 2025 innbyggarar
Adm.
• Konsekvensutgreiing Adm.
og Risiko- og
sårbarheitsanalysar Desember - februar
2026 Eventuelt nye utgreiingar
Planvask Oktober 2025 - mai Adm. og grunneigarar
2026
Utarbeid framlegg til revidert Januar 2026 - mai Adm.
arealdel: 2026
• Føresegner
• Planskildring inkludert konsekvensutgreiing og Ros
• Plankart Fase 3: Planforslag og planhandsaming
Politisk handsaming av Mai 2026 Kommuneplanutvalet
planframlegg
Plan ut på offentleg høyring og Juni 2026 - Adm.
ettersyn: september 2026 Offentlege instansar/
• Folkemøter/grende- Innbyggarar/interesse-
møter org./hyttevel/grunneigarar
• Annonsering, informasjon, formidling
• Offentlege møter
Vurdere innspel til Oktober – Adm.
planforslaget, moglege november 2026
endringar, evt nye utgreiingar
Framlegg frå Torhild Helling Bergaplass (H):
Kommunestyret vedtek revidert planprogram for arealdelen av kommuneplanen 2022-2035 med følgjande endringar:
1. For å sikre rettstryggleik, eit korrekt faktagrunnlag og reell medverknad i tråd med Plan- og bygningslova § 5-1, skal det gjennomførast områdeanalysar for alle ni områda før grovsiling av innspel (Tolkingsalternativ 1 i vedlagte juridiske vurdering).
2. Allereie gjennomført grovsiling må revurderast i lys av at grunneigarar har påpeika faktafeil i grunnlagsmaterialet. Innspel som er avviste på feilaktig grunnlag skal takast med i prosessen på nytt.
3. Grunneigarar og andre relevante aktørar skal involverast aktivt i områdeanalysane for å sikre at lokalkunnskap vert teken med i vurderingane.
4. Rådmannen får i oppdrag å oppdatere kapittel 7.1, 7.2, 7.3 og framdriftsplanen i kapittel 8.4 i tråd med dette vedtaket.
5. Kommunestyret ber om at det utarbeidast ein oppdatert tidsplan som tek omsyn til behovet for områdeanalysar før grovsiling, med målsetjing om å halde tidspunkt for endeleg vedtak som planlagt i september 2026.
Framlegg frå Solveig Vestenfor (Ap) om tillegg til den justerte innstillinga frå kommuneplanutvalet:
Dersom det kjem fram nye opplysningar i samband med områdeanalysene som ville vore avgjerande for vurderingane i tidlegare utført grovsiling, skal dei aktuelle innspela vurderast på nytt.
----------
Det vart halde gruppemøter etter ønske frå Dagfinn Bøygard (Ap).
---------
Solveig Vestenfor (Ap) trekte framlegget om tillegg.
Framlegget frå Torhild Helling Bergaplass (H) fekk 9 røyster (7H, 2Frp) og fall mot 16 røyster for den justerte innstillinga frå kommuneplanutvalet.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.