Klimaplan for Hallingdal - Regional plan for klima, natur og klimatilpasning 2025-2028 - vedtak
Vedtak
1. Ål kommune vedtek Klimaplan for Hallingdal med tilhøyrande handlingsplan. I samband med årleg økonomi og handlingsplanarbeid vil det bli føreslege tiltak innan klima, natur og klimatilpassing for åra 2026 – 2028.
2. Kommunestyret ber om at administrasjonen legg fram forslag til ein lokal handlingsplan med status, prioritering og forslag til finansiering for åra 2026-2028.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 13/2025 i møte den 20.02.2025
Etter framlegg frå ordførar Solveig Vestenfor (Ap) vart saka behandla som fyrste sak i møtet.
Klimakoordinator i Hallingdal, Guro Flatland Veslehaug var tilstades og innleia om saka.
Framlegg om utsetting av saka frå Liv Torunn Gullstein Torpe (Frp):
Kommunestyret kan ikkje godta klimaplanen slik den framstår i dag, og sender planen med hovudmål attende, og ber om ein betre gjennomarbeida plan med særleg tanke på landbruk, der ein må ta hensyn til lokale forhold og meir realistiske målsettingar.
Det vart halde gruppemøter etter ønske frå Jørund Li (H).
Utsettingsframlegget frå Liv Torunn Gullstein Torpe (Frp) fekk 7 røyster og fall. (2Frp, 1Sp Tore Arnegard, 4H Haug, Tveito, Helling Bergaplass og Nedrestøl røysta for å utsettte saka) -----------
Framlegg frå Sissel Urke (V) til punkt 2:
2. Kommunestyret ber om at administrasjonen legg fram forslag til ein lokal handlingsplan med status, prioritering og forslag til finansiering for åra 2026-2028.
Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteke. Som tillegg vart Sissel Urke (V) sitt framlegg til punkt 2 vedteke med 22 mot 3 røyster (3Sp, Tore Arnegard, Brevik, Løkensgard Arnegard).
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.