Skattebøl skule i Ål i framtida
Vedtak
1. Ål kommunestyre vedtek å bruke Skattebøl skule til barnehage frå skuleåret 2025/26.
2. Ål kommunestyre ber om at ombygging/tilpassing i forhold til barnehagedrift i lokala og uteområde skal vektlegge fleksibilitet, slik at ein med små grep kan ta opp igjen skuledrift her.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 11/2025 i møte den 20.02.2025
Leiar i sektorutval for kultur og oppvekst, Anders Lunden Herfoss (Sp) innleia om saka.
Framlegg frå Bjørg Torsteinsrud (Sp):
1. Ål kommunestyre vedtek å bruke Skattebøl skule til barnehage frå skuleåret 2025/26.
2. Ål kommunestyre ber om at ombygging/tilpassing i forhold til barnehagedrift i lokal og uteområde skal vektlegge fleksibilitet, slik at ein med små grep kan ta opp igjen skuledrift her.
Ingunn Solberg Skalle (Ap) fremma følgjande minddretalsframlegg frå formannskapet til punkt 1:
1. Ål kommunestyre vedtek formell nedlegging av Skattebøl skule frå skuleåret 2025/26.
Framlegg frå Marit Sehl (SV):
1. Ål kommunestyre vedtek formell nedlegging av Skattebøl skule frå skuleåret 2025/26.
2. Ål kommunestyre vedtek at Skattebøl skule blir ombygd til eit funksjonelt og godt barnehagebygg.
Prøvevotering over formannskapet si innstilling:
Formannskapet si innstilling fekk ingen røyster, og går ut.
Endeleg votering:
Det vart røysta punktvis over dei ulike framlegga som låg føre til punkt 1 og 2.
Punkt 1:
Framlegget frå Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti fekk 11 røyster og fall mot 14 røyster for Senterpartiet sitt framlegg. (8Ap, 1SV, 1V, 1Sp Lunden Herfoss røysta for Ap og SV sitt framlegg).
Punkt 2:
Framlegget frå Sosialistisk Venstreparti fekk 1 røyst (1SV) og fall mot 24 røyster for Senterpartiet sitt framlegg.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.