Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Ål · Saker

Meldingar, referat- og orienteringssaker til kommunestyret 16.01.2025

Sak 8/2025 · Kommunestyret 16. januar 2025 · Behandlet

Vedtak

Kommunestyret tek meldingane til orientering. Minneord over Randi Synnøve Bekkestad

• Eg vil be kommunestyret om å reise seg. Randi Synnøve Bekkestad vart født i Kroer i Ås kommune den 10.november i 1942. Ho døydde den 16.desember i 2024. Randi var utdanna lærar og arbeidde store delar av livet sitt i Ål kommune, først i Breie skule, men lengst som lærar ved Nedre-Ål skule. Randi har vore ei synleg dame i Ål-samfunnet, ho har hatt godt humør og ein smittande latter. Randi har hatt eit stort engasjement for kultur, kunst og kyrkje, blant anna gjennom sine politiske verv. Randi Bekkestad representerte Kristeleg Folkeparti gjennom fleire år i Ål-politikken. Ho var medlem av hovudutval for kultur frå 1992 til 1995 og medlem av kommunestyret i same perioden. Ho var og nestleiar i kontrollutvalet frå 1992 til 1995. Frå 1995 til 1999 var ho leiar i Prestegardstilsynet og var svært sentral i bygginga av den nye Prestegardslåven. Frå 1980 til 1983 var Randi Bekkestad formann i styret for Ål kyrkjepark. Ho sat i innkvarteringsnemnda for Breie frå 1988 til 1995, den siste perioden som leiar. Dei neste åtte åra, frå 1995 til 2003, sat ho i innkvarteringsnemnda for Nedre Ål krins. Utover dette hadde Randi mange verv der ho var vara: I kommunestyret og i kulturutvalet var ho vara for Krf frå 1988 til 1991. Frå 1992 til 1995 sat ho som vara i hovudutval for næring og ressurs og ho var vara til formannskapet frå 1992 til 1995. Ut over dette var ho også vara i Vaksenopplæringsnemnda, i bygningsrådet, byggeskikknemnda, styret for Borgstugu barnehage, styret for Ål Bygdamuseum og i Prestegardstilsynet. Me minnast Randi Synnøve Bekkestad i takksemd og glede, for det ho var for både oppvekstsektoren og for kulturlivet i Ål-samfunnet, med eitt minutts stillheit. Solveig ordførar

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret har behandla sak 8/2025 i møte den 16.01.2025

24 av 25 representantar behandla saka.

Det vart ikkje votert.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.