Busetting av einslege mindreårige flyktningar 2025
Vedtak
1. Ål kommunestyre vedtek å seie ja til å busette 2 einslege mindreårige flyktningar i 2025, men innanfor tidlegare vedteke ramme på 20 flyktningar i 2025.
2. Rådmannen får fullmakt til å opprette nødvendige stillingsheimlar i dei aktuelle tenestene innanfor ramma av integreringstilskot og særskilt tilskot for einslege mindreårige flyktningar.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 17/2025 i møte den 20.02.2025
Medlem av sektorutval for kultur og oppvekst, Sissel Urke (V) innleia om saka.
Framlegg frå Marit Sehl (SV) til nytt punkt 1 i innstillinga frå sektorutvala for helse og omsorg og kultur og oppvekst:
1. Ål kommune vedtek å seie ja til å busette 2 einslege mindreårige flyktningar i 2025, i tillegg til tidlegare vedteke ramme på 20 flyktningar i 2025.
Framlegget frå Marit Sehl (SV) fekk 5 røyster (1SV, 4Ap Vestenfor, Prestegard, Aslak Bøygard, Solberg Skalle og fall mot 20 røyster for innstillinga frå sektorutvala. Innstillinga til vedtak vart deretter samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.