Målform i SMSar om kritiske hendingar
Vedtak
Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 3/2024 i møte den 19.12.2024
Interpellasjon frå Bjørg Torsteinsrud (Sp):
Til ordføraren
4. desember var det ein del som sette dugurdsmaten i halsen då følgjande melding dukka opp på fjesboksida til Ål kommune:
Når Ål kommune sender SMS om kritiske hendingar
Administrasjonsmålet i Ål kommune er nynorsk. Ål kommunestyre har gjort vedtak om nynorsk som tenestemål, administrasjonsmål og skulemål. Ål kommune har ca 20% innbyggjarar som har anna morsmål enn norsk. For nokre av dei er det utfordrande med nynorsk. Google translate gir ikkje gode oversettingar frå nynorsk. Frå no av vil difor SMS-meldingar om kritiske hendingar gå ut på bokmål. Dette gjer vi for at alle som oppheld seg i Ål kommune skal motta informasjon om eventuelle kritiske hendingar.
Slik eg forstår det, er dette noko som kjem frå rådmannsgruppa. Kva diskusjon som ligg til grunn for denne løysinga? Kva andre løysingar er vurderte?
Har rådmannsgruppa vurdert å bruke nynorsk og engelsk? Anten i kvar sine meldingar, eller i same melding. Eventuelt ein engelsk tekst som syner folk vidare til meir utfyllande informasjon. Den slags løysingar møter ein ofte både skriftleg, og på telefonsvarar. Eg er ikkje særleg kjent med google transelate, men sist eg sjekka var ikkje bokmål noko verdensspråk. Dersom ein er bekymra for at google ikkje omset presist nok til alle slags språk som kan vera representerte i bygda, må beste utgangspunktet vera engelsk. Altso korkje bokmål eller nynorsk. Eg vil òg rå sterkt ifrå å argumentere mot både nynorsk og andre kulturuttrykk ved å syne til innbyggjarar med anna morsmål enn norsk. Det skapar eit ‘oss og dei’ inntrykk som me slett ikkje treng! Dersom dette er eit problem, må me heller ta i bruk nynorsk i vaksenopplæringa. Der er det ei målsetjing om at elevane skal lære eit språk for å kunne fungere i norsk arbeids- og samfunnsliv.
Eg håpar det er lenge til kommunen må sende ut neste krisemelding. Men eg forventar at bestemmelsen i rådmannsgruppa blir gjort om ratt, og minner om at eit samrøystes kommunestyre i desember 2018 vedtok å halde fram med nynorsk som tenestemål og administrasjonsmål i Ål (sak 66/18).
Svar til Torsteinsrud:
Det er rådmannen som leiar i kriseleiinga som har bestemt at SMS om kritiske hendingar blir sendt ut på bokmål. Administrasjonen har vurdert dette over tid og kome til at dette er den sikraste løysinga.
Det er vurdert å sende ut meldingar på fleire språk (bokmål, nynorsk, engelsk++++) Utfordringa er at me i kritiske hendingar må sikre at alle/flest mogleg får presis info fortast råd. Omsetjinga frå bokmål til div andre språk går, etter innhenta opplysningar frå td Introtenesta, veldig greitt. Rådmannen si vurdering er og at ein ikkje kan bruke tid på å omsetja meldingar i kritiske situasjonar.
Det er ikkje berre innbyggarar med anna morsmål me skal nå, men også turistar. Som kommune har me og eit ansvar om å informere dei. Til dømes var det under «Hans» fleire titals evakuerte i kommunen, frå mange ulike nasjonar.
Rådmannen ser likevel at det å bruke innbyggarar med anna morsmål som argument, er uheldig. Me takkar difor for tilbakemelding og vil endre ordlyden ved neste SMS-varsel. Det er viktig å presisere at vedtaket frå kommunestyret i desember 2018 står fast i alle andre høve, og at meldingar knytt til beredskap og kriseleiing mest truleg vil vera sjeldan vare også i åra framover.
Ordføraren har eit varmt hjarta for vedtaket kommunestyret gjorde i 2018. Eg meiner likevel denne situasjonen er eit unntak. I spesielt kritiske situasjonar har eg erfaring med kor viktig det er å nå flest mogleg på kortast mogleg tid. Eg meiner difor rådmannen har gjort ei riktig vurdering.
Om eit fleirtal i kommunestyret likevel pålegg rådmannen å bruke nynorsk og evt engelsk under kritiske hendingar, vil det bli følgt. Verken ordføraren eller rådmannen vil tilrå eit slikt pålegg.
Solveig Vestenfor ordførar
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.