Revidering av regelsamling for Ål kommune 2025-2028
Vedtak
Ål kommunestyre vedtek revidert «Regelsamling for Ål kommune 2025-2028» slik den ligg føre i vedlegg 1 datert 06.01.2025,
med følgjande supplering av tekst i punkt 1.11:
• Etter 1. avsnitt:
Dersom grunngjeve spørsmål kjem inn seinast 2 dagar før møtet skal spørsmålet ettersendast til medlemmene av organet.
• Etter 3. avsnitt:
Organet kan likevel ved vanlig fleirtalsavrøysting be om at saka vert lagt fram til realitetsbehandling i eit seinare møte.
Følgjande tillegg vert teke inn i punkt 2 Opplæring og informasjon til dei folkevalde:
Opplæringa er obligatorisk.
Kommunestyret ber om at det vert lagt fram ei eiga sak der det blir vurdert korleis ein kan legge til rette for overføring av lyd eller lyd og bilete også frå sektorutvala. Desse vurderingane blir å ta inn i saka som er bestilt vedrørande streaming og teksting av møter.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 3/2025 i møte den 16.01.2025
24 av 25 representantar behandla saka. Juridisk rådgjevar Olaug Hoftun hadde ei innleiing om saka.
Framlegg frå Sissel Urke (V):
Forslag til supplering av tekst i punkt 1.11:
• Etter 1. avsnitt:
Dersom spørsmål kjem inn seinast 2 dagar før møtet skal spørsmålet ettersendast til medlemmene av organet.
• Etter 3. avsnitt:
Organet kan likevel ved vanlig fleirtalsavrøysting be om at saka vert lagt fram til realitetsbehandling i eit seinare møte. Forslag til punkt 2 i vedtaket:
1. Kommunestyret ber om at det vert lagt fram ei eiga sak der det blir vurdert korleis ein kan legge til rette for overføring av lyd eller lyd og bilete også frå sektorutvala.
Ordet "spørsmål" i Sissel Urke (V) sitt framlegg etter 1. avsnitt vart foreslått endra til "grunngjeve spørsmål".
Ordførar Solveig Vestenfor (Ap) foreslo å ta punkt 2 i Sissel Urke (V) sitt framlegg vedrørande overføring av lyd, lyd og bilete frå sektorutvala, inn i saka som er bestilt når det gjeld streaming og teksting av møter. Sissel Urke støtta ordføraren sitt forslag.
Innstillinga frå formannskapet med Sissel Urke (V) sitt framlegg til supplering, og der ordet "spørsmål" blir endra til "grunngjeve spørsmål" vart samrøystes vedteke med 24 røyster. Punkt 2 i Sissel Urke (V) sitt framlegg, med ordføraren sitt tillegg vart samrøystes vedteke med 24 røyster.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.