Vedtak - Områdereguleringsplan Bakketeigen - Ål folkehøgskule og kurssenter, planID 2021003
Vedtak
Ål kommunestyre vedtek med heimel i plan og bygningslovas §§ 12-12 og 12-14 Områdereguleringsplan for Bakketeigen - Ål folkehøgskule og kurssenter, planID 2021003 med tilhøyrande føresegner og utbyggingsavtale. Denne planen skal erstatte Reguleringsplan for Ål folkehøgskole og kurssenter for døve, planID 1989001, som vil bli oppheva som fylgje av ny plan for området.
Ål kommune sin del av kostnaden skal leggast inn i økonomiplanen for 2026 - 2029.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 120/2024 i møte den 19.12.2024
Lirigzona Berisha (Ap) reiste spørsmål om sin habilitet i saka med bakgrunn i at nær familie er tilsette ved Ål Folkehøgskole og kurssenter for døve, men har ingen eigardelar der. Lirigzona Berisha vart samrøystes kjent habil til å behandle saka.
Ivar Brevik (Sp) innleia om saka.
Tilleggsframlegg frå Ivar Brevik (Sp):
Ål kommune sin del av kostnaden skal leggast inn i økonomiplanen for 2026 - 2029.
Innstillinga frå sektorutval for teknisk, næring og ressurs 26.11.24, sak 121/2024 vart vedteke. Framlegget frå Ivar Brevik (Sp) vart samrøystes vedteke som tillegg.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.