Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Ål · Saker

KS debatthefte 2025 "Fra forventning til virkelighet - om forventningsgapet"

Sak 6/2025 · Kommunestyret 16. januar 2025 · Behandlet

Vedtak

Ål kommunestyre takkar KS for godt initiativ og tilsluttar seg innhaldet i dokumentet og spesielet delkapitlet om å "Redusere statlig styring" på side 9.

Det er positivt at regjering og Storting signaliserer at ein ynskjer å rydde i byråkratiet, redusere rapporteringskrav og målstyring, og å forenkle lovverk og statlege organ sine oppgåver utan at det forringar kvaliteten.

Kommunestyret ber om at spørsmåla som gjeld korleis vi folkevalgte kan redusere og handtere forventningsgapet, samt vere i dialog med innbyggjarane våre for å skape forståing for dei rammebetingelsene vi må forhalde oss til framover, blir tema i strategikonferansane og i budsjettarbeidet framover. Ål kommunestyre ber rådmannen om, om mogleg å konkretisere døme på rapporteringskrav og arbeidsoppgåver som er pålagt kommunen, men som opplevest som meir hemmande enn fremjande. Jfr. s. 9.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret har behandla sak 6/2025 i møte den 16.01.2025

24 av 25 representantar behandla saka.

Ordførar Solveig Vestenfor (Ap) innleia om saka.

Framlegg frå Sissel Urke (V):

Kommunestyret ber om at spørsmåla som gjeld korleis vi folkevalgte kan redusere og handtere forventningsgapet, samt vere i dialog med innbyggjarane våre for å skape forståing for dei rammebetingelsene vi må forhalde oss til framover, blir tema i strategikonferansane og i budsjettarbeidet framover.

Innstillinga frå formannskapet, med tillegg av framlegget frå Sissel Urke (V) vart samrøystes vedteke med 24 røyster. Urke sitt framlegg blir 3. avsnitt i vedtaket.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.