Forvaltningsrevisjonsrapport - Dispensasjonspraksis i byggesaker og frå reguleringsplanar
Vedtak
1. Kommunestyret tek rapporten «Dispensasjonspraksis i byggesaker og frå reguleringsplaner» frå Viken Kommunerevisjon IKS til orientring.
2. Kommunestyret ber rådmannen om straks å starte arbeidet med gjennomføring av endringar og tiltak i samsvar med tilrådingane i revisjonsrapporten.
a) Sørge for å klargjera roller og ansvar i behandlinga av dispensasjonssaker.
b) Sikre at delegasjonsreglementet vert etterlevd i behandlinga av dispensasjonssaker.
c) Sørge for at det ved ein dispensasjon er fordelar knytte til offentlege omsyn og allmenne interesser som det i første rekke vert lagt vekt på i saksbehandlinga, og i liten grad personlege fordelar for eigaren av eigedomen.
d) Sørge for å ha klare, separate drøftingar av «kan» bestemmelsen i vedtak og saksframlegg.
e) Vurdere å dokumentere habilitetsvurderingar.
f) Vurdere å oppdatere planverket som ikkje er i samsvar med praksis i kommunen.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 119/2024 i møte den 19.12.2024
På grunn av at Viken Kommunerevisjon IKS følgjer møtet på streaming vart denne saka behandla som første sak i møtet.
Ola Terje Oleivsgard (Sp) innleia om saka. Det var ingen nye framlegg,
Innstillinga frå formannskapet vart samrøystes vedteken.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.