Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Ål · Saker

KS debatthefte 2025 "Fra forventning til virkelighet" om mellomoppgjeret 2025 og strategisk utvikling av avtaleverket.

Sak 5/2025 · Kommunestyret 16. januar 2025 · Behandlet

Vedtak

1.Arbeidstakarane må sikrast i reallønsauke i 2025. I kapittel 4 bør lønstillegga skje i sentrale forhandlingar. 2.Dagens garantilønssystem bør vidareførast. Ein bør eventuelt vurdere å utvide stillingskodar som gjer det mogleg å få til ein meir presis og lik innplassering med tanke på utdanningslengde og kompetanse. 3.Kommunane bør få større handlingsrom og fleksibilitet for å tilpasse ulike arbeidstidsordningar etter avtale med lokale organisasjonar. Tilsetting i 100%-stillingar bør vere ein hovudregel. Det bør bli enklare å legge til rette for årsturnus og lengre vakter for dei som ønskjer dette. Ein bør ha moglegheit for å tilrettelegging for andre turnus- og arbeidstidsordningar som gjer at ein beheld dei tilsette. Den ordninga som pensjonerte sjukepleiarar har, med å kunne å jobbe i mindre stillingar utan å få avkorting i pensjonen, bør utvidast til å gjelde både barnehagelærarar og lærarar.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret har behandla sak 5/2025 i møte den 16.01.2025

24 av 25 representantar behandla saka. Ordførar Solveig Vestenfor (Ap) innleia om saka. Det var ingen nye framlegg.

Ordet "førskulelærarar" vert endra til "barnehagelærarar" i siste setning punkt 3 i formannskapet si innstilling.

Innstillinga frå formannskapet med endring til ordet "barnehagelærarar" i punkt 3 vart samrøystes vedteke med 24 røyster.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.