Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Ål · Saker

Budsjett Ål Kraftverk KF 2025

Sak 99/2024 · Kommunestyret 21. november 2024 · Behandlet

Vedtak

Generalforsamlinga i Ål Kraftverk KF, Ål kommunestyre, vedtek framlagt forslag til budsjett som viser eit overskot etter skatt på kroner 87.489.237 kr. Av overskotet blir 82.500.000 overført til eigar, Ål kommune. Resten blir brukt til å auke eigenkapitalen i Ål Kraftverk KF.

Ved investeringar i kommunen skal ein framtidig pris på 60 øre/kWh, eksklusiv mva, leggast til grunn.

Sal til kommunen sitt forbruk skal prisast til 15 øre/kWh.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret har behandla sak 99/2024 i møte den 21.11.2024

Geir Tretterud, dagleg leiar for Ål Kraftverk KF innleia om saka.

Framlegg frå Knut Einar Haug (H):

Alle tilbod forutset at ein er kunde i Ål Kraftverk og har målar i Ål kommune. Tilboda er eit tillegg til eksisterande produkt til kundar i Ål Kraftverk med målar i Ål.

1. Fastbuande private:

Det blir gitt tilbod om fastpris til fastbuande i Ål på 50 øre/kWh inkl. mva. Tilbodet gjeld frå og med 1.1.25. Avtala forutsetter 3 års binding/varighet, til 31.12.28. Eventuell statleg støtte blir tekt.

2. Næring:

Det blir gitt tilbod om fastpris til næring i Ål på 50 øre/kWh inkl. mva. på 100% volum. Tilbodet gjeld frå og med 1.1.25. Avtala forutsetter 3 års varigheit, til 31.12.28.

3. Fritidsbolig:

Det blir gitt tilbod om fastpris til fritidsbustader i Ål på kr. 0,70 øre ink. mva. Tilbodet gjeld frå og med 1.1.25. Avtala forutsetter 3 års varigheit, til 31.12.28.

4. Ål kommune:

For Ål kommune sine eigne bygg reknast 15 øre.

Framlegget frå Knut Einar Haug (H) fekk 9 røyster (7H, 2Frp) og fall mot innstillinga frå Styret for Ål Kraftverk KF.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.