Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Ål · Saker

Busetting av flyktningar 2025

Sak 103/2024 · Kommunestyret 21. november 2024 · Behandlet

Vedtak

1. Ål kommunestyre vedtek å busette 20 flyktningar i 2025. Flyktningar som skal busettast i Ål kommune grunna gjenforeining med familie vil kome i tillegg til desse 20 flyktningane.

2. Sektorutval for kultur og oppvekst får mynde til evt å omgjera mellombelse stillingar til faste stillingar, innanfor tildelt budsjettramme.

3. Alle kommunale avdelingar blir oppmoda om å stille med praksisplassar for deltakarar i introduksjonsprogrammet.

4. Kr. 500.000 av integreringstilskotet blir foreslått som nytt tiltak i budsjett -25, som ein tiltakspott for KS-prosjektet «Flyktningar i jobb». Midlane skal gje moglegheit til å teste ut tiltak og løysingar med målsetting om å få fleire flyktningar i jobb, både i kommunale og private stillingar. Bruken av midlane må dokumenterast.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret har behandla sak 103/2024 i møte den 21.11.2024

Silje Landsmann-Wiwe innleia om saka.

Innstillinga frå formannskapet vart samrøystes vedteke.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.