Barnehagestruktur Ål kommune 25/26
Vedtak
1. Ål kommunestyre opprettar mellombels barnehageavdelingar under Skattebøl barnehage, ved eksisterande Skattebøl skule, med assisterande styrar og tre avdelingar, der ein av avdelingane er ein friluftsbarnehage/naturavdeling. Ombygginga skal leggje vekt på fleksibilitert, slik at ein med små grep kan ta opp igjen skuledrifta her.
2. Kostnader blir innarbeidd i budsjett 2025.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 102/2024 i møte den 21.11.2024
Anders Lunden Herfoss (Sp) innleia om saka.
Framlegg frå Ola Terje Oleivsgard (Sp):
1. Ål kommunestye opprettar mellombels eigen barnehage ved eksisterande Skattebøl skule, med eigen styrar og tre avdelingar, der ein av avdelingane er ein friluftsbarnehage/naturavdeling. Ombyginga skal leggje vekt på fleksibilitet, slik at ein med små grep kan ta opp igjen skuledrifta her.
2. Kostnader blir innarbeidd i budsjett 2025.
Det vart halde gruppemøter etter ønske frå Ingunn Solberg Skalle (Ap):
Etter gruppemøte la Ingunn Solberg Skalle (Ap) fram følgjande framlegg:
1. Ål kommunestyre opprettar mellombels barnehageavdelingar under Skattebøl barnehage, ved eksisterande Skattebøl skule, med assisterande styrar og tre avdelingar, der ein av avdelingane er ein friluftsbarnehage/naturavdeling. Ombygginga skal leggje vekt på fleksibilitert, slik at ein med små grep kan ta opp igjen skuledrifta her.
2. Kostnader blir innarbeidd i budsjett 2025.
Før votering vart det halde gruppemøter etter ønske frå Ola Terje Oleivsgard (Sp).
Framlegget frå Ingunn Solberg Skalle (Ap) vart vedteke med 14 røyster (8Ap, 1SV, 5H (T.O.Tveito, T.Helling Bergaplass, E.Medgard, G.Fingarsen, J.Fingarsen)). Mindretalet 11 røysta for framlegget frå Ola Terje Oleivsgard (Sp) (6Sp, 1V, 2Frp, 2H (K.E.Haug, K.Opheimsjorde).
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.