Kostnader til filmatisering av "Hans"
Vedtak
Ål kommunestyre løyver inntil kr. 817.000,- til fullføring av filmatiseringa av "Hans" med teksting. Relevante lokale aktørar vert inviterte til å delta i spleis. Beløpet finansierast frå disposisjonsfondet. Ål kommune er eigar av filmen. Filmen blir vist gratis i Ål kulturhus ein avgrensa periode.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 81/2024 i møte den 19.09.2024
John Storhaug frå Filmprodusentane AS var til stades, og fortalde om arbeidet med filmen dei held på med som har tittelen "Då Hans herja". Kommunestyret fekk sjå filmen som allereie er laga, og som handlar om kraftutbygginga sin flaumdempingseffekt før og under "Hans".
Framlegg frå Lirigzona Berisha (Ap) om tillegg til innstillinga frå formannskapet:
Ål kommune er eigar av filmen. Filmen blir vist gratis i Ål kulturhus ein avgrensa periode. Viss Ål kommune skulle få inntekter ved vidare sal/utlån av filmen, blir desse ført attende til disposisjonsfondet.
Seinare vart siste setning i Lirigzona Berisha (Ap) sitt framlegg tatt ut, etter forslag frå ordførar Solveig Vestenfor (Ap).
Formannskapet si innstilling vart samrøystes vedteken. Dei to første setningane i Lirigzona Berisha (Ap) sitt framlegg vart samrøystes vedtekne som tillegg til formannskapet si innstilling.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.