Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Ål · Saker

Presisering av reglane om mindretallsanke

Sak 76/2024 · Kommunestyret 19. september 2024 · Behandlet

Vedtak

Ål kommunestyre vedtek at reglane om mindretallsanke:

a) også kan nyttast under klagesakshandsaminga av ei sak.

b) i saker der kommunen sjølv er klageinstans, kan ikkje mindretalsanke nyttast.

c) ved mindretalsanke skal saka gå direkte frå utvalet til kommunestyret.

d) I Ål kommune er det leiaren for utvalet, tre medlemmer eller ordføraren som kan anke ei sak. Det presiserast i teksten at mindretallsanke kan nyttast av alle sektorutval og formannskapet.

e) Administrasjonen utarbeidar eit forslag til ein formulering av regelen med dei vedtekne presiseringane.

f) Presiseringa innarbeidast både i delegeringsreglement- og regelsamlinga for Ål kommune.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret har behandla sak 76/2024 i møte den 19.09.2024

Juridisk rådgjevar Olaug Hoftun innleia om saka.

Framlegg frå Solveig Vestenfor (Ap) til endring i innstillinga frå formannskapet:

Punkt a:

a) .... også kan nyttast ...... Nytt punkt b:

b) I saker der kommunen sjølv er klageinstans, kan ikkje mindretalsanke nyttast. (Punkt b i formannskapet si innstilling blir nytt punkt c. osv.)

Knut Einar Haug (H) fremma mindretalsframlegget i punkt c) frå formannskapet om at to medlemmer kan anke ei sak.

Det vart halde gruppemøter etter ønske frå Ola Terje Oleivsgard (Sp).

Framlegget frå Solveig Vestenfor (Ap) til punkt a) og b) vart vedteke med 20 mot 5 røyster (2Sp Ivar Brevik og Solveig Løkensgard Arnegard, 2H Torhild Helling Bergaplass og Gudveig Fingarsen, 1V). Framlegget frå Knut Einar Haug (H) fekk 7 røyster og fall (6H, 1Frp Liv Torunn Gullstein Torpe).

Dei andre punkta i innstillinga frå formannskapet vart samrøystes vedtekne.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.