Interpellasjon om sikringstiltak frå Liv Torunn Gullstein Torpe (Frp) i kommunestyret 15.08.24
Vedtak
Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 2/2024 i møte den 15.08.2024
Liv Torunn Gullstein 8.8.2023 vart ein merkedag i Ål kommune og Hallingdal si historie.
Torpe Diverre inga god merkedag. Det var dagen Hans kom innom, og raste
gjennom kommuna vår. Han etterlet seg to hus som vart totalskadd, i tillegg til fleire hus og bygningar fekk merker etter ras og flom. Og etterpå kom kostnadane. Kostnadar på kva Hans hadde øydelagt. Både dei fysiske og psykiske kostnadane. Og spørsmåla er kven skal betale for alt?
I andre kommunar som har levd med ras- og flom i årevis, har det stort sett vore kommunane som har tatt rekninga på distriktsandelen. Vil her nemne Ullensvang som er ein av dei raudaste kommunane i landet, når det gjeld skredfare. Dei har tatt heile distriktsandelen ved kvart sikringstiltak. Berre eit fåtal av kommunane har sagt at distriktsandelen skal grunneigarane ta sjølv. Denne korte lista vil dessverre Rådmann at Ål kommune skal vera ein del av.
Når Ål FrP har spurt politikarane i dei kommunane som tek distriktsandelen, om kvifor dei gjer det, har dei svara at dei vil jo gjerne behalde innbyggjarane sine. Ål kommune viser ingen vilje til å ta rekninga på distriktsandelen. Dei seier den blir for høg. Og samla sett kan ein jo forstå det. Iallefall om 10-20% av dette skulle betalast ut samstundes. Men det er det jo ikkje snakk om. NVE tek eit eller to tiltak frå kvar kommune i året, av dei kommunane som søkjer om sikringstiltak. Dermed blir distriktsandelen på ein plass mellom 1 og 3 mill i året. Ingen grunneigar Ål FrP kjenner til, har liggande 1 til 3 mill eller meir på baklomma. Kommuna derimot sit laust på pengesekken når det gjelder etableringststønad til nye huseigarar, og til ny leikeplass på Nedre-Ål skule. Berre desse to prosjekta åleine kjem på godt over 60 mill totalt. Då bør dei også kunne prioritere 1-3 mill på sikringstiltak for innbyggjarane sine også, som heilt uforskyldt vart utsett for ei naturkatastrofe.
Ål FrP meina kommuna her må ta ein større del av distriktsandelen, og ikkje gje rekninga for sikringstiltaka til kvar enkelt grunneigar. Ål kommune er ei kommune med buplikt, noko som vil si at kommuna krev at innbyggjarane må bu på eigedommane sine. Dei som eig over 35 mål har personleg buplikt og under 35 mål har vanleg buplikt, men ikkje personleg. Det betyr at eigedommen kan leigas bort. I tillegg køyre Ål kommuna Bu-og blilyst prosjekt. Kven av dei utsette innbyggjarane føler på bu- og blilysten no? Og kven vil flytte til Ål, der du risikerer å måtte betale distriktsandelen sjølv, dersom noko slikt skulle skje att?
Ål FrP sine spørsmål til rådmann er som følgjer:
1. Ål FrP stilte kommunestyremøte i mai spørsmål om setninga i § 24: « Utgiftene skal betales av dem som eier eller fester eiendom innenfor det område sikringstiltaket har virkning for. De utgifter som kan kreves refundert, er begrenset til den samlede verdiøkning tiltaket har medført for grunn og bygninger». Spørsmålet er dersom verdiauka ikkje er like stor som distriktsandelen, kven dekker resten av den da? Dette spørsmålet fekk ikkje Ål FrP svar på, så stiller det på nytt no.
2. I forprosjektet sikringstiltak for skred i Tunegardane, har Ål kommune i saksframlegget om Klyvesetvegen 9 skreve: «Eigar har fått sett rapporten og me har hatt eit møte med han. Han har fått opplyst kva kommunestyret har gjort vedtak om når det gjeld finansiering. Viss NVE gir tilskot så må han rekne med å betale den delen som står att». Ål FrP stiller seg undrande til kvifor ordlyden formannskapet vedtok i møte den 8.mai 2024, som for det fyste ikkje kom med i protokollen, før etter Ål FrP sitt medlem i formannskapet hadde klaga, og for det andre, at dette gjentek seg både i saksdokumenta til STNR og i brevet til eigar i Breie. Kommuna har ikkje gjort vedtak om kven som skal ta finansiering ved skredtiltak. Kommunestyret har derimot gjort vedtaket i kommunestyret 16.mai: « Der NVE går inn med 80% tilskot, skal fordelinga av kostnadane knytt til distriktsandelen i dei ulike områda, koma i eigne saker seinare. I alle slike tilfelle vil Ål kommune dekke prosjektleiing og kommunal administrasjon». Kvifor velger då Rådmann og administrasjonen å bruke ein ordlyd som ikkje i tråd med kva både formannskapet og kommunestyre vedtok?
Liv Torunn Gullstein Torpe Leiar Ål Frp
Fungerande ordførar Jørund Li (H) svara på interpellasjon frå Liv Torunn Gullstein Torpe (Frp).
Svar på interpellasjon frå Liv Torunn Torpe, Frp til ordførar i kommunestyremøtet den 15.08.2024
Spørsmålet er motteke innan fristen og skal svarast ut av ordførar.
Rådmannen opplyser at han beklagar at det i saksframlegget spørsmålsstillar syner til, kan tolkast som om kommunestyret allereie har gjort vedtak om at Ål kommune ikkje skal dekke ein del av distriktsandelen til framtidige sikringstiltak. Kommunestyret har ikkje enno tatt stilling til dette. Ål kommune har lagt ned og kjem til å legge ned store ressursar framover for å rette opp skadane etter Hans og for å førebygge framtidige skader. Kor langt kommunen vil gå når det gjeld å ta kostnadar som gjeld enkelt eigedomar, er det kommunestyret som avgjer.
Vi er spente på kor mykje NVE kan bidra med. Dette veit vi førebels for lite om. Når vi får svar på våre to søknadar som er sendt inn, (Stavegrove/Hellinggrove og eit bustadhus i Thune) vil vi vite noko meir, men vi har fått signal om at enkelthus som må ha eigne skredtiltak, kjem langt ned på lista i NVE sine prioriteringar.
Ål kommune kan, viss eit fleirtal i kommunestyret vedtek det og finn at det er mogleg å finne midlar til det, dekke 100% av skredtiltak uavhengig av om NVE gir tilskot eller ikkje. Rådmannen si klare tilråding har vore og er framleis at Ål kommune må prioritere sikringstiltak som gjeld mange hus og viktig infrastruktur. Ordførar deler rådmannen si vurdering om at det er riktig å starte med felles sikringstiltak og dei tiltaka som NVE gir tilskot til. Det er viktig å vera klar over at kommunen vil bli ansvarleg for vedlikehald og drift av alle sikringstiltak der NVE gir tilskot i all framtid. Det vi veit er at det er snakk om store summar i mange år framover og at dette må vurderast opp mot andre behov i samband med budsjett- og økonomiplanarbeidet framover. Politikk er å prioritere mellom ulike behov og bruke dei økonomiske midlane kommunen rår over på best mogleg måte. Altså vår oppgåve som folkevalde.
Ti l spørsmålet om verdiauke, så er svaret at dette er juss. Kor stor verdiauke tiltaket har medført for grunn og bygningar er vanskeleg å svare på. Viss verdiauken ikkje er like stor som distriktsandelen, vil det vera vanskeleg å prioritere dette tiltaket slik rådmannen vurderer det. Ål kommunestyre kan, viss dei vil og har økonomi til det, bestemme at dei skal dekke 100% av skredtiltak der NVE ikkje gir tilskot. Rådmannen har fram til no tolka dei politiske signal slik at det ikkje er aktuelt å bygge tiltak viss NVE ikkje går inn i det heile tatt. Då blir spørsmålet kva kommunestyret ønsker å gjere i dei sakene der NVE går inn med tilskot. Det som er sikkert er at det ikkje er bestemt kven som går inn og dekker resten viss verdiauken ikkje er like stor som distriktsandelen. Det er det Ål kommunestyre som avgjer.
Det vil vera viktig at vi som politikarar prøver å påverke til at Stortinget gir auka løyvingar til NVE til skred- og flaumsikringstiltak i åra som kjem.
Ål, den 15.08.2024
Jørund Li Fungerande ordførar
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.