Invitasjon til å kjøpe aksjar i Utdanningssenter Geilo (USG)
Vedtak
Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 67/2024 i møte den 15.08.2024
Fungerande ordførar Jørund Li (H) og Gudveig Fingarsen (H) stilte spørsmål om sin habilitet i saka. Li som dagleg leiar for Torpomoen Utvikling AS og Fingarsen som styremedlem. Dei vart begge kjent inhabile og gjekk med heimel i Forvaltningslova §6e frå under behandlinga.
Setteordførar Ola Terje Oleivsgard (Sp) leia møtet og og saka vart behandla av 23 av 25 representantar.
Dagfinn Bøygard (Ap) innleia om saka.
Det var ingen nye framlegg.
Formannskapet si innstilling vart samrøystes vedteken med 23 røyster.
Vedtak::
Ål kommunestyre vedtek å teikne 41 aksjar i Utdanningssenter Geilo. Aksjane er samla pålydande kr 41000,-. Prisen er samla kr 82000,- Desse midlar dekkast over disposisjonsfond.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.