Klimaplan for Hallingdal - høyringsfråsegn
Vedtak
1.Ål kommunestyre meiner høyringsframlegget til Klimaplan for Hallingdal gir god oversikt over utfordringane knytt til klima, natur og klimatilpassing og kva tiltak som er moglege.
2.Ål kommunestyre ber rådmannen velgje ut 1-3 tiltak innan kvart tema i planen som Ål kommune skal gjennomføre, og foreslå finansiering i årsbudsjetta framover.
3.Ål kommunestyre godkjenner at kommunens eigendel på kr 300 000 til innkjøp av utstyr for ombruk av byggemateriale vert finansiert frå posten ENØK-tiltak kommunale bygg i 2024 for å kunne utløyse klimasatsmidlar som er løyvd frå Miljødirektoratet.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 65/2024 i møte den 15.08.2024
Ivar Brevik (Sp) innleia om saka.
Hedvig Johanne Rud (Ap) fremma rådmannen si innstilling i punkt 2 om å velgje ut 2-3 tiltak innan kvart tema i planen som Ål kommune skal gjennomføre. Hedvig Johanne Rud trekte framlegget etter grunngjeving for kvifor formannskapet tilrår 1-3 tiltak innan kvart tema.
Formannskapet si innstilling vart samrøystes vedteken.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.