Alternativ til korleis løyse behov for fleire barnehageplassar i Ål kommune
Vedtak
Ål kommunestyre vedtek mellombels barnehage med inntil 50 plassar frå januar 2025 fram til august 2025 i lokala til Skattebøl skule. Kostnad blir innarbedd i budsjettframlegg 2025.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 101/2024 i møte den 21.11.2024
Anders Lunden Herfoss (Sp) innleia om saka.
Det låg føre følgjande Innstilling frå sektorutval for kultur og oppvekst sak 59/24 i møte 20.08.24:
Ål kommunestyre vedtek mellombels barnehage med inntil 50 plassar frå januar 2025 fram til august 2025 i lokala til Skattebøl skule, inkl. friluftsbarnehage/konsept. Kostnad blir innarbeidd i budsjettframlegg 2025.
Innstillinga frå sektorutval for kultur og oppvekst vart samrøystes vedteke, med unntak av at orda "inkl. friluftsbarnehage/konsept" vert teke ut av første setning.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.