Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Ål · Saker

Revidering av: "Overordna arealføringar for kommunens arealbruk"

Sak 53/2024 · Kommunestyret 20. juni 2024 · Behandlet

Vedtak

Kommunestyret vedtek følgjande endringar av punkt 6 «Tomtereserve» i dei overordna arealføringane i kommuneplanens samfunnsdel:

Punkt 6 a) endrast til: 'Regulerte og avsette fritidstomter yngre enn 10 år vert vidareført viss ikkje ny kunnskap om naturverdir/naturfare hindrar det. Det skal gjennomførast ein planvask (planrevisjon)i samarbeid med grunneigar/planeigar av alle reguleringsplanar som er eldre enn ti år, parallelt med revidering av kommuneplanens arealdel for fritidsbustader.

Punkt 6 b) endrast til:

Det blir ikkje lagt ut nye område for ordinære fritidsbustader i perioden, men det blir gjeve opning for fortetting og utviding. Med fortetting meiner ein tettare utnytting av areala innanfor etablerte byggeområde i ein reguleringsplan, der ein nyttar allereie etablert infrastruktur. Tal nye einingar må vere klart mindre i forhald til det eksisterande talet i utbyggingsområdet. Utviding er å sette av areal til nye fritidsbustader i direkte nærleik til eksisterande byggeområde, der ein langt på veg kan nytte same etablerte infrastruktur. Innspelsområdet må i store delar av sin omkrins grense til det eksisterande utbyggingsområdet, og innspelsområdet må vere klart mindre enn det eksisterande utbyggingsområdet. Eit nytt område blir forstått som eit areal som verken kan gå inn under definisjonen fortetting eller utviding. Her må det i stor grad bli laga ny infrastruktur.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret har behandla sak 53/2024 i møte den 20.06.2024

Saksordførar Dagfinn Bøygard (Ap).

Marit Sehl (SV) fremma følgjande mindretalsframlegg frå kommuneplanutvalet til punkt 6 b):

Det blir ikkje lagt ut nye område for ordinære fritidsbustader i perioden, men det blir gjeve opning for fortetting. Med fortetting meiner ein tettare utnytting av areala innanfor etablerte byggeområde i ein reguleringsplan, der ein nyttar allereie etablert infrastruktur. Tal nye einingar må vere klart mindre i forhold til det eksisterande talet i utbyggingsområdet.

Framlegg frå Tor Olav Tveito (H) om tillegg i siste setning punkt 6a) i kommuneplanutvalet si innstilling:

(tillegg utheva) Det skal gjennomførast ein planvask (planrevisjon) i samarbeid med grunneigar/planeigar av alle reguleringsplanar som er eldre enn ti år, parallelt med revidering av kommuneplanens arealdel for fritiidsbustader.

Framlegg frå Tor Olav Tveito (H) om å ta ut følgjande setning i punkt 6b) i kommuneplanutvalet si innstilling:

Tal nye einingar må vere klart mindre i forhold til det eksisterande talet i utbyggingsområdet.

Knut Einar Haug (H) fremma følgjande mindretalsframlegg frå kommuneplanutvalet til punkt 6c):

Det vert opna opp for eit mindre antal hyttefelt. (Dvs. styrke resten av ordlyden .. med særskilt miljøprofil med t.d. infrastruktur, biologisk/elektrisk do og solcellestraum). ------------------ Det vart halde gruppemøte etter ønske frå Lene Prestegard (Ap).

Bjørg Torsteinsrud (Sp) gjorde framlegg om å stryke punkt 6 c).

Punkt 6 a):Framlegget frå Tor Olav Tveito (H) om tillegg til kommuneplanutvalet si innstilling vart vedteke med 15 røyster (7H, 2Frp, 5Sp Ola Terje Oleivsgard, Solveig L. Arnegard, Ivar Brevik, Tore Arnegard, Anders Lunden. Herfoss og 1Ap Svein Erik Koester. Mindretalet 10 (7Ap Solveig Vestenfor, Dagfinn Bøygard, Lene Prestegard, Hedvig Johanne Rud, Ingunn Solberg Skalle, Jan Egil Grue, Anne Kari Kind, 1Sp Bjørg Torsteinsrud, 1SV og 1V) røysta for kommuneplanutvalet si innstilling utan tillegg.

Punkt 6 b):

Mindretalsframlegget frå kommuneplanutvalet, fremma av Marit Sehl (SV) fekk 8 røyster (4Ap Solveig

Vestenfor, Lene Prestegard, Hedvig Johanne Rud, Anne Kari Kind, 2Sp Bjørg Torsteinsrud, Anders Lunden

Herfoss, 1SV og 1V). Framlegget fall då mot 17 røyster for innstillinga frå fleirtalet i kommuneplanutvalet. Framlegget frå Tor Olav Tveito (H) om å ta ut ein setning i kommuneplanutvalet si innstilling fekk deretter 9 røyster (7H, 2Frp) og fall.

Punkt 6 c) Prøvevotering:

Framlegget frå Knut Einar Haug (H) til endra ordlyd fekk 8 røyster (2Frp, 6H Erlend Medgard røysta mot). Kommuneplanutvalet si innstilling om ingen endring fekk 10 røyster (4Ap Dagfinn Bøygard, Jan Egil Grue, Anne Kari Kind, Svein-Erik Koester, 4Sp Ola Terje Oleivsgard, Solveig L. Arnegard, Ivar Brevik, Tore Arnegard, 1H Erlend Medgard og 1V) Framlegget frå Bjørg Torsteinsrud (Sp) om stryke punktet fekk 7 røyster (2Sp Bjørg Torsteinsrud, Anders Lunden Herfoss, 4Ap Solveig Vestenfor, Lene Prestegard, Hedvig Johanne Rud, Ingunn Solberg Skalle og 1SV). Framlegget fall dermed i prøvevoteringa.

Endeleg votering:

Framlegget frå Knut Einar Haug (H) til endra ordlyd fekk 8 røyster (6H Erlend Medgard røysta mot og 2Frp) og fall mot 17 røyster for innstillinga frå fleirtalet i kommuneplanutvalet om å ikkje endre punkt 6 c).

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.