Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Ål · Saker

Meldingar, referat- og orienteringssaker til kommunestyret 20.06.2024

Sak 60/2024 · Kommunestyret 20. juni 2024 · Behandlet

Vedtak

Kommunestyret tek meldingane til orientering. Minneord, John Johnsen, 1938-2024

«God dag. Det er John Johnsen som ringer. Er din far hjemme?»

Oppringingane frå partileiaren i Ål Arbeiderparti vart mitt første møte med Johnsen, som alle på ungdomsskulen kalla han. John kom til Ål i 1967. Ål ungdomsskule var blant dei aller første ungdomsskulane som vart bygd i Noreg, og den 29 år gamle nyutdanna lektoren og filologen, kom til Ål for å gjera folk av ungdomen i bygda og gjera dei klare for høgare utdanning. Han bygde hus, vart med i Ål Arbeiderparti - og vart her livet ut. Larvik-guten, som heilt sikkert brukte litt tid på å finne ut av folket, av kulturen, av dialekta og nynorsk som bruksspråk, småbygut som han var, vart verande.

John Johnsen var ein drivar, ein som var opptatt av å bygge lokalsamfunnet og partiet. Han likte å prate med folk, om det meste, og ofte om politikk.

John sat i kommunestyret frå 1968 til 1979. Han var med i formannskapet frå 1972 til 1979 og var varamedlem til regionrådet også desse åra, frå 1972 til 1975 var han kontaktperson for Riksteatret, medlem av friluftsnemnda og formann i boksamlingsstyret for Nedre-Ål. Frå 1976 til 1979 var han likestillingsutvalet og nestformann i generalplanutvalet. Desse åra var han og varamedlem av styret for Ål og Hol vaskeri.

Det største konkrete arbeidet som står att etter Johnsen er dei to litterære verka om arbeidarrørsla i Hallingdal. Desse er viktig lokalhistorie om arbeidsfolk sine kår og organisasjonsarbeid frå midten av 1850-åra til 2.verdskrigen.

John Johnsen var kunnskapsrik, engasjert og snill. Han har vore ein tenar for det moderne Noreg, for Ål og for Arbeiderpartiet. Og han vil bli sakna og hugsa. Ål kommune har mykje å takke John Willy Johnsen for.

Me minnast John Willy Johnsen med eitt minutts stillheit.

Solveig Vestenfor

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret har behandla sak 60/2024 i møte den 20.06.2024

Det vart ikkje votert.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.