Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Ål · Saker

Tiltak etter Hans - Nedre del av Hellinggrove og Stavegrove - Anbod og deling av kostnadar

Sak 50/2024 · Kommunestyret 20. juni 2024 · Behandlet

Vedtak

Kommunestyret vedtek å legge tiltaka i nedre del av Hellinggrove og Stavegrove ut på anbod. Kommunestyret får saka tilbake før kontrakt vert signert.

Det er ein føresetnad at NVE går inn med eit tilskot som dekker 80% av kostnadane for den delen som gjeld bekkeløpa. Dei resterande 20% skal dekkast av dei eigedomane som vert trygga av tiltaka. Dette gjeld og eigarar av infrastruktur.

Ut frå kostnadsoverslaget vert delinga slik:

NVE 16 500 000

Ål kommune 13 750 000

Grunneigarar 1 950 000

Buskerud Fylkeskommune 2 000 000

Statens vegvesen 200 000

Hallingdal Kraftnett (straum) 590 000

Bruse (fiber) 180 000

Telenor (fiber) 180 000

Det er 25 grunneigarar som skal dele kostnaden på kr 1,95 mill. Dette gir ein kostnad på 78 000 kr pr grunneigar (u.mva.) Når anbodsrunden er ferdig skal utrekninga gjerast på nytt med som prisen som vinnaren av anbodsrunden har.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret har behandla sak 50/2024 i møte den 20.06.2024

Dagfinn Bøygard (Ap) og Erlend Medgard (H) gjekk frå som inhabile med heimel i Forvaltningslova § 61A. Torleiv Dengerud (H) tok plass som varamedlem for Erlend Medgard. Det var ingen varamedlem for Dagfinn Bøygard og saka vart behandla med 24 av 25 representantar.

Rådmannen la fram endra innstilling med følgjande nye summar i kostnadsoverslaget:

Ut frå kostnadsoverslaget vert delinga slik:

NVE 16 500 000

Ål kommune 13 750 000

Grunneigarar 1 950 000

Buskerud Fylkeskommune 2 000 000

Statens vegvesen 200 000

Hallingdal Kraftnett (straum) 590 000

Bruse (fiber) 180 000

Telenor (iber) 180 000

Det er 25 grunneigarar som skal dele kostnaden på kr 1,95 mill. Dette gir ein kostnad på 78 000 kr pr grunneigar (u.mva.)

Saksordførar Ivar Brevik (Sp).

Avdelingsleiar Svein Furuhaug informerte om saka.

I møte 10. juni bad formannskapet om at ei hydrologisk vurdering av ein flaumdam i Damtjørne / Langtjørne skulle leggast fram før behandling i kommunestyret. Knut Einar Haug (H) kom med kritikk til administrasjonen for at slik vurdering ikkje vart svara ut.

Ordførar Solveig Vestenfor (Ap) meinte det var ulik oppfatning av formannskapet si bestilling til administrasjonen, bl.a då det ikkje er løyvd pengar for innhenting av ei slik vurdering.

Framlegg frå Knut Einar Haug (H):

Saka vert utsett i påvente av at ei hydrologisk vurdering av flaumdam i Damtjørne / Langetjørne er utarbeidd.

Det vart halde gruppemøter etter ønske frå Knut Einar Haug (H).

Knut Einar Haug (H) trekte deretter framlegget om utsetting, grunna tidsfristen for å søke om middel, som er

1. juli.

Innstillinga frå formannskapet, med rådmannens framlegg til nye tal i kostandsoverslaget vart samrøystes vedteke med 24 røyster.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.