Forprosjekt utbygging av Helsetunet - eit moglegheitsstudie
Vedtak
1. Ål kommunestyre tek til orientering prosjektrapport og «Mulighetsstudie» frå «Forprosjekt Utbygging av Helsetunet».
2. Kommunestyret ber administrasjonen arbeida vidare med planlegging av ei utbygging i to trinn. a.Det skal planleggjast eit bygg aust i Helsetunet for oppstart i 2026, dette for å dekke behovet for døgnplassar til 2034. b.Løysingane for dei andre prioriterte behova må planleggjast vidare gjennom samarbeids- og prioriteringsprosessar. c.Kommunestyret vil ta endeleg stilling til byggetrinna kvar for seg så snart det ligg føre romfunksjonsprogram og kostnadsoverslag.
3.Kommunestyret løyver kr. 500.000 frå disposisjonsfondet i år for vidare planlegging og oppfølging av forprosjektet. Dette gjeld mellom anna arkitekttenester og ei tilnærma full prosjektstilling. Rådmannen vert beden om å a.utarbeide stillingsinnhaldet for prosjektstillinga b.planleggja prosjektet vidare i 2025 c.innarbeide kostnadane i økonomiplanen for 2025-28.
d. Avdeling Meistring, inklusiv 1979- og 1989-bygget og behandlingsbassenget, må takast omsyn til i planlegginga av neste byggetrinn.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 49/2024 i møte den 20.06.2024
Ordførar Solveig Vestenfor (Ap) refererte følgjande vedtak frå Eldrerådet 18.06.24, sak 24/24:
I den vidare framdrift / saksgang i utbygginga, ber Eldrerådet om at sakene blir lagt fram for oss til uttale, før den kjem til endeleg avgjerd i kommunestyret.
Ordføraren refererte også følgjande tilråding frå gruppa som har hatt som oppgåve å vurdere Sundrehall i samband med utbygging av helsetunet:
Vi meiner at Sundrehall må stå der det står i dag. I ein heilheits vurdering av framtidig bruk av Sundrehall, er konsekvensen av å fjerne bygget større enn å lat det stå.
Saksordførar Lene Prestegard (Ap).
Framlegg frå Lene Prestegard (Ap) til ny ordlyd i punkt 3 d) i formannskapet si innstilling:
3 d) Avdeling Meistring, inklusiv 1979-bygget og behandlingsbassenget, må takast omsyn til i planlegginga av neste byggetrinn.
Rådmannen bad om "gruppemøte" for administrasjonen.
Framlegget frå Lene Prestegard (Ap) til punkt 3 d) vart etter dette endra slik at det også gjeld 1989-bygget:
3 d) Avdeling Meistring, inklusiv 1979- og 1989-bygget og behandlingsbassenget, må takast omsyn til i planlegginga av neste byggetrinn.
Framlegg frå Jørund Li (Ap) om tillegg til punkt 2 c) i formannskapet si innstilling:
......., men arealbehov og tomtegrunn for trinn 2 må vere avklart før vedtak om byggestart av trinn 1.
Det vart halde gruppemøter etter ønske frå Dagfinn Bøygard (Ap).
Det vart først røysta over formannskapet si innstilling, der framlegga frå Jørund Li (H) og Lene Prestegard (Ap) ikkje var med. Dette vart samrøystes vedteke. Framlegget frå Jørund Li (H) om tillegg til punkt 2 c) fekk deretter 9 røyster (7H, 2Frp) og fall. Til slutt vart framlegget frå Lene Prestegard (Ap) til endring av formannskapet si innstilling punkt 3 d) samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.