Alkoholpolitiske retningsliner for Ål Kommune 2024 - 2028
Vedtak
Ål Kommunestyre vedtek slike endringar i Rusmiddelpolitisk handlingsplan for Ål Kommune del 2:
Punkt 2 Eksisterande sals- og skjenkeløyve skal gjelde vidare fram til 30. september 2028.
Punkt 4.4.1 Det skal ikkje drivast skjenking i same bygg som kor det vert drive asylmottak. Det skal i alle nye skjenkeløyver informerast om at løyve fell bort om det undervegs i perioden vert etablert asylmottak i samme bygg.
Punkt 4.4.3 Utandørs servering: Verksemda kan ha tilsvarande løyve ute som inne, med eventuelt andre skjenketider. Serveringsarealet ute skal vere godkjent av kommunen. Uteservering skal kunne gå føre seg utan sjeanse for forbipasserande og bebuarar i nærleiken av serveringsstaden.
Punkt 8.8.1 Skjenking kan skje fram til 02.00 inne og 02.00 utendørs. Utskjenkt drikk må bli konsumert innan 30 minutt etter at skjenketida er gått ut.
Punkt 8.8.4 skjenketid når ein skal stille klokka(sommartid/vintertid): Skjenketiden utløper når klokka blir 02:00 første gong den natta, og utvides ikkje med ein ekstra time.
Punkt 10. Netthandel: Alkoholloven opnar for at det kan gis bevilling til nettsal av øl. Jf §3-1 andre ledd. Det vert vist til alkoholhaldig drikk, særleg løyvehavars, styrar og vikarar for styrers ansvar for at salet foregår i samsvar med lov og forskrifter. Utlevering av varer må skje innafor dei opningstider som gjeld for løyva. Dette gjeld uavhengig om varen vert utlevert i butikk, er bestilt over internett eller vert kjørt heim til kunden.
Punkt 14 .Definisjonar 14.14.1 Slutta selskap er til dømes bryllaup, jubileum og andre selskap der talet og namn på gjestene er klart på førehand, og der gjestane er særskild invitert. Klubbar, organisasjonar eller reiseselskap er ikkje slutta selskap, jf alkohollova § 4.5.
14.14.2Løyve ved einskilde høve er tenkt brukt ved einskilde arrangement som skil seg frå den daglege drifta ved serveringsstaden.
14.14.3Einskilde høve er tillfeldige tilstellningar som for eksempel festivalar.
14.14.4Arrangement på meir enn fjorten dagar vert ikkje definert under kategorien ”einskilde høve.”
Punkt 15.Ansvarleg vertskap:
15.15.1 Løyvehavar ved fast skjenkeløyve og enkelt høve er pliktig til å ha bestått e – læringkurs «ansvarlig vertskap»
Kurset «ansvarlig vertskap», er laga på oppdrag frå Helsedirektoratet.
Dette er eit tiltak som bidreg til å heve kompetansen i den enkelte verksemda. Kursbevis skal leggast ilag med internkontroll.
Punkt 16.Tiltak og samlingspunkt til rusfrie arrangement: Det vert årleg satt av minimum 35.000 NOK av omsetjingsgebyret til rusfrie aktivitetar/arrangement i tråd med økonomiplanen. Organisasjonar, lag, råd, enkeltpersonar og klubbar med initiativ som kjem ungdom til gode vert oppfordra til å søke. Ubrukte midlar skal setjas på ein konto der ubrukte beløp vert akkumulert til seinare år, inntil 150.000 NOK. Det er ingen øvre grense på søknadsbeløpet så lenge det vert halde innanfor kontoen sitt totalbeløp. Søknader skal hansamast av formannskapet.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 54/2024 i møte den 20.06.2024
Saksordførar Tore Arnegard (Sp).
Framlegg frå Erlend Medgard (H):
Punkt 4.4.2, samt henvisning til punkt 4.4.2 i punkt 6.6.2, fjernes.
Sissel Urke (V) gjorde merksam på at det i retningslinene punkt 5.5.2 er ein skrivefeil. Det skal stå "pkt. 5.5.1" i staden for 2.5.1. Dette blir å rette i retningslinene.
Framlegget frå Erlend Medgard (H) fall med 12 røyster (6H Jørund Li, Knut Einar Haug, Tor Olav Tveito, Torhild H. Bergaplass, Erlend Medgard, Lars Sandåker, 1Frp Thorbjørn Haug, 3Ap Dagfinn Bøygard, Jan Egil Grue, Svein-Erik Koester, 2Sp Ola Terje Oleivsgard, Anders Lunden Herfoss).
Innstillinga frå sektorutval for helse og omsorg vart samrøystes vedteken.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.