Rekneskap og årsmelding Ål kraftverk KF 2023
Vedtak
Ål kommunestyre godkjenner den framlagte årsreknskapen saman med årsmelding frå styret i Ål Kraftverk KF for 2023 som viser eit overskot på 399.755.844 kroner før skatt og eit resultat etter skatt på 341.240.446 kr.
Ål kommunestyre godkjenner slik disposisjon av overskotet, samt utbetaling av avsett eigenkapital for usikre forpliktingar( i 2022) som no er avklara til ikkje å bli utløyst.
Avklara usikre forpliktingar, Eigenkapital avsett i 2022 – utbetaling til eigar Ål kommune kr 9.679.999 Tidlegare overført til Ål kommune etter budsjett 2023: 230.000.000 kr Avsett til styrking av eigenkapital i Ål Kraftverk KF: 11.240.446 kr Ekstra utbytte frå overskot i Ål Kraftverk KF ut over budsjett til Ål kommune: 100.000.000 kr Tilsaman disponert: 350.920.446 kr.
Dvs eit utbytte på totalt 339.680.000 til Ål kommune. Av dette er 230.000.000 allereide utbetalt. Tilleggsutbyttet på kroner 109.679.999 blir utbetalt så fort som råd.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 38/2024 i møte den 16.05.2024
Ordførar Solveig Vestenfor (Ap) innleia om saka.
Dagleg leiar Ål Kraftverk KF Geir Tretterud hadde ei orientering.
Det var ingen nye framlegg.
Innstillinga frå Styret for Ål Kraftverk KF vart samrøystes vedteken.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.