Skattebøl skule frå skuleåret 2024/25 og utvida behov barnehagekapasitet frå januar-25
Vedtak
1. Med utgangspunkt i vanskar med bemanning, krav gjennom ny opplæringsbehov frå 01.08.24 og behov for areal til barnehage, vedtek Ål kommunestyre at skuletilbodet ved Skattebøl skule mellombels blir flytt til Nedre-Ål skule, for skuleåret 2024-25.
2. Ål kommunestyre ber administrasjonen vurdere samloklisering av tilbod til elevar ed særskilte og omfattande hjelpebehov.
3. Ål kommunestyre ber administrasjonen om å koma med forslag til avklaringar og legge ein langsiktig plan for å finne løysingar mtp utfordringar vedrørande bemanningssituasjon i sambamd med saka "Oppvekst 2030".
4. Ål kommunestyre løyver kr. 4.600.000 frå disposisjonsfondet til auka barnehagekapasitet og redusert foreldrebetaling SFO for 2024. Ål kommunestyre ber administrasjonen innarbeide auka driftskostnader i driftsbudsjett 2025.
5. Ål kommunestyre ber administrasjonen utgreie kostnader og organisering av evt. etablering av totalt 50 barnehageplassar i løpet av 2025. Dette skal utarbeidast som eiga sak, og kostnader evt. innarbeidast i driftsbudsjett 2025.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 43/2024 i møte den 22.05.2024
Saksordførar Anders Lunden Herfoss.
Framlegg frå Ingunn Solberg Skalle (Ap):
1. Med utgangspunkt i lågt elevtal ved Skattebøl skule frå hausten -24, vanskar med bemanning og krav gjennom ny opplæringslov frå 01.08.24, vedtek Ål kommunestyre at skuletilbodet ved Skattebøl skule mellombels blir flytta til Nedre-Ål skule frå skulestart skuleåret 2024-25.
2. Ål kommunestyre ber administrasjonen vurdere samlokalisering av tilbod til elevar med særskilte og omfattande hjelpebehov.
3. Ål kommunestyre ber administrasjonen om å koma med forslag til avklaringar og legge ein langsiktig plan for å finne løysingar mtp utfordringar vedrørande bemanningssituasjonen og vidare skulestruktur i samband med saka "Oppvekst 2030".
4. Ål kommunestyre løyver kr. 4.600.000 frå disposisjonsfondet til auka barnehagekapasitet og redusert foreldrebetaling SFO for 2024. Ål kommunestyre ber administrasjonen innarbeide auka driftskostnader i driftsbudsjett 2025.
5. Ål kommunestyre ber administrasjonen utgreie kostnader og organisering av evt. etablering av totalt 50 barnehageplassar i løpet av 2025. Dette skal utarbeidast som eiga sak, og kostnader evt. innarbeidast i driftsbudsjett 2025.
Framlegg frå Liv Torunn Gullstein Torpe (Frp):
Bruke Skattebøl skule til 1. og 2. klasse for både Nedre-Ål og Skattebøl skule, men som ei underlagt avdeling til Nedre-Ål skule, der Nedre-Ål har rektor og andre administrerande stillingar. Desse kan reise opp ved behov, og ein fer også eit godt mangfold i lærermiljøet. Ein kan sette opp buss frå Nedre-Ål for frakt av elevar opp og ned. SFO for desse to trinna, kan også vera på Skattebøl, evnt. Nedre-Ål om dette er meir praktisk. Dette vil gje eit godt læringsmiljø for dei yngste ungane. Bygge ut Skattebøl barnehage slik leiar i Skattebøl barnehage foreslo. Dei har egna område for ei slik utbygging.
Framlegg frå Jørund Li (H): (Punkt 2, 4 og 5 som Arbeiderpartiet sitt framlegg)
1. Med utgangspunkt i vanskar med bemanning, krav gjennom ny opplæringsbehov frå 01.08.24 og behov for areal til barnehage, vedtek Ål kommunestyre at skuletilbodet ved Skattebøl skule mellombels blir flytt til Nedre-Ål skule, for skuleåret 2024-25.
2. Ål kommunestyre ber administrasjonen vurdere samloklisering av tilbod til elevar med særskilte og omfattande hjelpebehov.
3. Ål kommunestyre ber administrasjonen snarast utarbeide sak ift behalde og rekruttere pedagogar i kommunen. Ein langsiktig plan med løysingar på bemanningssituasjonen må innarbeidast i Oppvekst 2030.
4. Ål kommunestyre løyver kr. 4.600.000 frå disposisjonsfondet til auka barnehagekapasitet og redusert foreldrebetaling SFO for 2024. Ål kommunestyre ber administrasjonen innarbeide auka driftskostnader i driftsbudsjett 2025.
5. Ål kommunestyre ber administrasjonen utgreie kostnader og organisering av evt. etablering av totalt 50 barnehageplassar i løpet av 2025. Dette skal utarbeidast som eiga sak, og kostnader evt. innarbeidast i driftsbudsjett 2025. Etter forslag frå ordførar Solveig Vestenfor (Ap) vart det halde gruppemøter.
Bjørg Torsteinsrud (Sp) fremma følgjande mindretalsframlegg i sektorutval for kultur og oppvekst:
Mindretalet går ikkje inn for å flytte elevane på Skattebøl skule verken mellombels eller permanent. Det betyr at punkt 1 og 2 i innstillinga frå sektorutval for kultur og oppvekst går ut.
Dagfinn Bøygard (Ap) la fram følgjande omforeinte framlegg mellom Arbeiderpartiet og Høgre til punkt
3.: (der orda "og vidare skulestruktur" er teke ut av Ap sitt forslag)
3. Ål kommunestyre ber administrasjonen om å koma med forslag til avklaringar og legge ein langsiktig plan for å finne løysingar mtp utfordringar vedrørande bemanningssituasjon i samband med saka "Oppvekst 2030".
Jørund Li (H):
Høgre held fast ved sitt framlegg til ordlyd i punkt 1.
Prøvevotering over dei fire framsette forslaga:
• Framlegget frå Liv Torunn Gullstein Torpe (Frp) fekk 2 røyster (2Frp) og fall
• Mindretalsframlegget i sektorutval for kultur og oppvekst fremma av Bjørg Torsteinsrud (Sp) fekk 6 røyster (6Sp)
• Innstillinga frå sektorutval for kultur og oppvekst fekk ingen røyster og fall
• Alle punkt i omforeint framlegg mellom Arbeiderpartiet og Høgre fekk 17 røyster (8Ap, 7H, 1SV, 1V)
Endeleg votering:
• Mindretalsframlegget i sektorutval for kultur og oppvekst fekk 8 røyster (6Sp, 2Frp) og fall mot 17 røyster for det omforeinte framlegget frå Arbeiderpartiet og Høgre til punkt 2, 3, 4 og 5)
• Framlegget frå Arbeiderpartiet til punkt 1 fekk 10 røyster (8Ap, 1SV, 1V) og fall mot 15 røyster for Høgre sitt framlegg til punkt 1.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.