66/4 - Klage på administrativt avslag på dispensasjonssøknad for tilbygg til stølsbu på Lauvdalen - Flævassvegen 895
Vedtak
Ål kommunestyre opprettheld kommunen sitt avslag datert 08.02.24, og tek ikkje klagen til følgje. Grunngjevinga er at klagen ikkje inneheld vesentlege nye opplysningar som gjev grunn for å endre vedtaket.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 30/2024 i møte den 17.04.2024
Fungerande ordførar Jørund Li orienterte om saka.
Erlend Medgard (H) er svigersønn til søkjar og gjekk frå som inhabil med heimel i Forvaltningslova § 6 b). Jostein Fingarsen (H) tok plass som varamedlem i hans stad mens saka vart behandla.
Bjørg Torsteinsrud (Sp) fremma rådmannen si innstilling på nytt.
Innstillinga frå formannskapet fekk 12 røyster (1Ap Svein-Erik Koester, 2Sp Ivar Brevik og Tore Arnegard, 2Frp og 6H), og fall mot rådmannen si innstilling.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.