Interpellasjon frå Venstre i kommunestyre 20.03.2024
Vedtak
Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 1/2024 i møte den 20.03.2024
Sissel Urke Spørsmål til ordføraren i kommunestyremøte 20.03.24
VINN Hallingdal AS er eit kommunalt eigd aksjeselskap, som vart stifta i 1989. Selskapet er eigd av dei seks kommunane i Hallingdal. VINN Hallingdal leverer arbeidsretta tiltak på oppdrag frå NAV og hovudoppgåva er å få folk i arbeid. Gjennom dette eigarskapet bidreg kommunane til at utsette grupper får moglegheit for kvalifisering og arbeid.
I 2022 byrja Vinn å levere eit tilbod som tilbyr verksemder i privat og offentleg sektor bistand til sjukefråversoppfølging. Tiltaket, som vert kalla Ekspertbistand, er spesielt retta inn mot arbeidstakarar med lange eller hyppig gjentakande sjukefråver. Gjennom arbeidet som tiltaksbedrift for NAV har Vinn opparbeidd seg høg kompetanse og erfaring med arbeidsinkludering og nærvær- og sjukefråversoppfølging. Etter avtale med bedrifter om Ekspertbistand kan Vinn komme inn som ein nøytral part, kan sjå nye moglegheiter, bistå i saker der det ligg ei konflikt, eller der arbeidstaker eller arbeidsgiver er i tvil om kva som kan gjerast.
Tiltaket utløyser tilskudd frå Nav, og vil, om ein held seg innanfor rammene for tilbodet, ikkje koste kommunen noko.
Sidan våren 2023 har selskapet brukt mykje ressursar på å informere om tilbudet, med særskilt fokus på eigarkommunane, då sjukefråveret i kommunane generelt er høgt, samt at kommunane er store arbeidsplassar i Hallingdal. Høgt sjukefråver kostar mykje i både menneskelege og økonomiske ressursar, for den einskilde og i kommunebudsjettet. Å ta i bruk alle tilgjengelege ressursar for å bidra til nærver på arbeidsplassen burde vere sjølvsagt. Eg spør om vi har råd til å la vere?
Av eigarkommunane er det hittil berre Hol kommune som har nytta seg av tiltaket, mens privat næringsliv er dei som hovudsakeleg tek kontakt for slik bistand.
Mine spørsmål er:
Kva vil ordføraren gjere for at Ekspertbistand frå Vinn er godt kjent mellom dei som har ansvar for sjukefråversoppfølging i kommunen? Vil ordføraren ta initiativ til at dette tiltaket blir lagt inn i «verktøykassa» i planar og rutiner for sjukefråversoppfølging i vår kommune?
Mvh Sissel Urke- Ål Venstre Ordførar Solveig Vestenfor (Ap) svara på interpellasjon frå Venstre.
På spørsmål frå Sissel Urke (V) om ekspertbistand er relevant for Ål kommune, svara rådmannen ja.
Svar interpellasjon til Sissel Urke (V), 20.mars 2024
Kva vil ordføraren gjere for at Ekspertbistand frå Vinn er godt kjent mellom dei som har ansvar for sjukefråversoppfølging i kommunen?
Ål kommune er oppteken av å leggje til rette for gode tiltak når det gjeld sjukefråværsoppfølging, og nyttar seg av tilbod td. både mellom anna frå Bedriftshelsetenesta og NAV. Ål kommune har også jamlege møte med NAV- her drøftar ein utfordringar med sjukefråvær og aktuelle samarbeidstiltak- seinast i februar
2024. Ekspertbistand NAV er eit av tilboda som er kjent i Ål kommune og som kan nyttast. Her kan
arbeidstakar og arbeidsgjevar søke tilskot til rettleiing og kartlegging på sjukefråvær og arbeidsmiljø. Vinn er ein av aktørane som tilbyr seg å gje ekspertbistand med kartlegging og veiledning.
Ål kommune har i følge rådmannen nytta seg meir av NAV Arbeidslivsenteret. Dette er eit ressurs og kompetansesenter til bedrifter som ønsker bistand til eit meir inkluderande arbeidsliv. Dei bistår arbeidsplassen med å jobbe målretta og systematisk med arbeidsmiljøet.
I sjukefråværsoppfølginga er Ål som arbeidsgjevar avhengig av å nytte seg av ulike tilbod for å nå målet om å redusere sjukefråværet og auke nærværet.
Vil ordføraren ta initiativ til at dette tiltaket blir lagt inn i «verktøykassa» i planar og rutiner for sjukefråversoppfølging i vår kommune? Dette er eit av tiltaka som allereie ligg inne i samarbeidet med NAV,- og som kan nyttast etter søknad om tilskot. Kven ein nyttar i tilbodet til ekspertbistand må avgjerast i kvart tilfelle. Vinn er ein av våre naturlege samarbeidspartar i lag med andre aktørar som til dømes bedriftshelsetenesta.
Ordføraren har frå tid til anna drøfta VINN sitt tilbod om ekspertbistand med rådmannen, og vil oppfordre avdelingane til å nytte seg av tilbodet der det er naturleg å søke tilskot til ekspertbistand med råd og rettleiing.
Solveig Vestenfor, ordførar
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.