Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Ål · Saker

Meldingar, referat- og orienteringssaker til kommunestyret 20.03.2024

Sak 27/2024 · Kommunestyret 20. mars 2024 · Behandlet

Vedtak

Kommunestyret tek meldingane til orientering.

----------------------------------------------------

Minneord Ellen Storedal

• Eg vil be kommunestyret om å reise seg.

Ellen Storedal vart fødd Berg i Bergen den 9.desember i 1935. Ho døydde den 29.februar i 2024. Ellen var utdanna lærar og arbeidde store delar av livet sitt i Ål kommune, først og sist som lærar ved bl.a. Nedre-Ål skule og midt i yrkeslivet som rektor ved Sando skule.

Ho blir omtala som ei lun og hyggeleg dame som gjekk stille i dørene og var lett å omgås. Ho var glad i hundar og godt likt av både ungar og vaksne.

Ellen Storedal hadde eit stort samfunnsengasjement og var medlem av Arbeiderpartiet i meir enn femti år. Ho var medlem av Ål kommunestyre frå 1972 til 1975. I denne perioden var ho og medlem av Tilflyttingsnemnda og dessutan kontaktperson for Riksteateret og Riksgalleriet. Ho var også varamedlem av Helserådet desse åra.

Frå 1980 til 1987 var ho styremedlem for Ål bibliotek, først som nestformann og seinare som formann. Frå 1988 til 1991 var ho varamedlem av Kulturutvalet.

På 1990-talet fekk ho fleire politiske verv, igjen som medlem av Tilflyttingsnemnda frå 1995 til 2003. Ho var varamedlem i kommunestyret og hovudutvalet for helse og sosial frå 1999 til 2003. Frå 1999 til 2003 sat ho også som fast medlem av Likningsnemnda og Eldrerådet, det siste som leiar.

• Me minnast Ellen Storedal i takksemd for det ho var og betydde for oppvekstsektoren og for Ål-samfunnet, med eitt minutts stillheit.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret har behandla sak 27/2024 i møte den 20.03.2024

Ordførar Solveig Vestenfor (Ap) las opp formannskapet sitt brev til Justitsministeren. Brevet blir lagt ved som referatsak i neste møte.

Det vart ikkje votert.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.