Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Ål · Saker

10/9 - Dispensasjonssøknad for bruksendring frå fjøs til anneks på Langstølen på Syningen - Utplassering av 4 mikrohytter i aktivitetsområdet på Syningen - Søre Volelivegen 551

Sak 10/2024 · Kommunestyret 15. februar 2024 · Behandlet

Vedtak

Bruksendring frå fjøs til anneks:

Ål kommunestyre vedtek med heimel i plan- og bygningslova § 19-2 å gje dispensasjon frå forbodet mot overnattingsrom i aktivitetsområdet N21, slik at fjøset kan bruksendrast til anneks for stølsbua. Grunngjevinga for vedtaket er at ei turistprega stølsdrift ikkje er realistisk, og at eit overnattingstilbod på 3 rom vil vera eit velkome tilbod for turgåarane. Fordelane for samfunnet er at bygget får ein fornuftig bruk. Om det er folk som overnattar i bygget i staden for dyr, er ikkje ei kritisk endring for omgjevnadane, og vil gje små ulemper for samfunnet. Etter ei samla vurdering finn formannskapet at fordelane for samfunnet vert klårt større enn ulempene.

4 mikrohytter:

På bakgrunn av nytt innspel frå Syningen eiendom AS vert dispensasjonssøknaden for 4 mikrohytter til overnatting i aktivitetsområde N21 sendt attende til STNR for ny behandling. Etter behandling i STNR skal saka til endeleg avgjersle i kommunestyret.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret har behandla sak 10/2024 i møte den 15.02.2024

Saksordførar Torhild Helling Bergaplass (H):

Framlegg frå Torhild Helling Bergaplass (H) når det gjeld 4 mikrohytter:

På bakgrunn av nytt innspel frå Syningen eiendom AS vert dispensasjonssøknaden for 4 mikrohytter til overnatting i aktivitetsområde N21 sendt attende til STNR for ny behandling.

Framlegg frå Ivar Brevik (Sp):

Etter behandling i STNR skal saka til endeleg avgjersle i kommunestyret.

Det vart halde gruppemøter etter forslag frå Hedvig Johanne Ruud (Ap).

Votering - utplassering av 4 mikrohytter:

Framlegget frå Torhild Helling Bergaplass (H) vart vedteke med 23 mot 2 røyster (1SV, 1V). Framlegget frå Ivar Brevik (Sp) vart sarmrøystes vedteke.

-------------------

Behandling av den delen av saka som gjeld bruksendring frå fjøs til anneks:

Framlegg frå Marit Sehl (SV):

Ål kommunestyre avslår søknaden frå Syningen eiendom AS om bruksendring frå fjøs til anneks.

Votering - bruksendring frå fjøs til anneks:

Innstillinga frå formannskapet om å gje dispensasjon vart vedteken med 13 røyster (7H, 2Frp, 4Sp Ola Terje Oleivsgard, Solveig Løkensgard Arnegard, Ivar Brevik, Tore Arnegard). Mindretalet 12, (1SV, 1V, 8Ap og 2Sp Bjørg Torsteinsrud, Anders Lunden Herfoss) røysta for framlegget frå Marit Sehl (SV).

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.