Søknad frå Kafe Tid - skulematprosjektet
Vedtak
Kommunestyret ber rådmannen om å innføre skulemat for Ål ungdomsskule og gje enkeltelevar tilbod om ein annleis skulekvardag innanfor ei kostnadsramme på kr 1 mill. for 2024. Saka må ut på anbod. Ål kommunestyre ber rådmannen om å utforme og signere ein intensjonsavtale om vidare samarbeid med aktull tilbydar for 2025 og 2026. Kommunestyret ber om at SUKO får ei sak i september 2024 for å evaluere og vurdere ei eventuell vidareføring av samarbeidet. Tilbodet vert finansiert frå disposisjonsfondet i 2024.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 157/2023 i møte den 21.12.2023
• Ingunn Solberg Skalle (Ap) er dagleg leiar for Tid kafé og landhandel AS, og gjekk frå som inhabil med heimel i forvaltningslova §6 e). Svein-Erik Koester (Ap) tok plass i hennar stad.
• Tore Arnegard (Sp) er styremedlem i Tid Stiftelsen og gjekk frå som inhabil med heimel i forvaltningslova §6 e). Knut Arne Svarteberg (Sp) tok plass i hans stad. 25 representantar behandla saka.
Ordførar Solveig Vestenfor (Ap) innleia om saka.
Framlegg til endra ordlyd frå Lirigzona Berisha (Ap):
Kommunestyret ber rådmannen om å innføre skulemat for Ål ungdomsskule og gje enkeltelevar tilbod om ein annleis skulekvardag innanfor ei kostnadsramme på kr 1 mill. for 2024. Saka må ut på anbod. Ål kommunestyre ber rådmannen om å utforme og signere ein intensjonsavtale om vidare samarbeid med aktull tilbydar for 2025 og 2026. Kommunestyret ber om at SUKO får ei sak i september 2024 for å evaluere og vurdere ei eventuell vidareføring av samarbeidet. Tilbodet vert finansiert frå disposisjonsfondet i 2024.
Framlegget frå Lirigzona Berisha (Ap) vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.