Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Ål · Saker

Fastpris eller rabatt på straum i 2024 frå Ål Kraftverk KF

Sak 155/2023 · Kommunestyret 21. desember 2023 · Behandlet

Vedtak

1. Det blir gitt ein utfyllande rabatt til statens ordning på 10% av gjennomsnittleg spotpris i månaden av det som overstig 73 øre (kWh + mva til hushaldskundar i Ål Kraftverk KF for året 2024 for heile forbruket i den enkelte månad.

2. Rabattordning for næringslivskundar 2024:

Det vert gjeve ein rabatt på 80% over 60 øre/kWh i gjennomsnittleg spotpris for månaden etter faktisk forbruk.

3. Sal til kommunen sitt forbruk skal prisast til 15 øre/kWh.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret har behandla sak 155/2023 i møte den 21.12.2023

Dagleg leiar Ål Kraftverk KF, Geir Tretterud, hadde ei innleiing om saka.

Framlegg frå Knut Einar Haug (H):

Alle tilbod forutset at ein er kunde i Ål Kraftverk og har målar i Ål kommune. Tilboda er eit tillegg til eksisterande produkt til kundar i Ål Kraftverk med målar i Ål.

1. Fastbuande private Det blir gitt tilbod om fastpris til fastbuande i Ål på 50 øre/kWh inkl. mva. på 90% av fjorårets volum (10% til spot pris) Tilbodet gjed frå og med 1.1.24. Avtala forutsetter 3 års varigheit, til 31.12.26. Eventuell statleg støtte blir trekt.

2. Næring Det blir gitt tilbod om fastpris til næring i Ål på 50 øre/kWh inkl. mva. på 100% volum. Tilbodet gjeld frå og med 1.1.24. Avtala forutsetter 3 års varigheit, til 31.12.26.

3. Fritidsbolig Det blir gitt tilbod om fastpris til fritidsbustader i Ål på kr. 0,70 øre ink. mva. på 80% av fjorårets volum (20% til spot pris). Tilbodet gjeld frå og med 1.1.24. Avtala forutsetter 3 års varigheit, til 31.12.26.

4. Ål kommune For Ål kommune sine eigne bygg regnes 15 øre.

Framlegg frå Dagfinn Bøygard (Ap):

Det blir ikkje gitt nokon tilbod om fastpris eller rabattar til kundane i Ål Kraftverk KF for året 2024.

Framlegg frå Ivar Brevik (Sp):

Rabattordning for næringslivskundar 2024:

Det vert gjeve ein rabatt på 80% over 60 øre/kWh i gjennomsnittleg spotpris for månaden etter faktisk forbruk.

------------------ Det vart halde gruppemøter etter ønske frå Dagfinn Bøygard (Ap). -------------------

Knut Einar Haug (H) trekte seinare alternativ 2. Næring.

I innstillinga frå Styret for Ål Kraftverk KF blir 70 øre/kWh å endre til 73 øre/kWh.

Prøverøysting over dei 3 framlegga som låg føre for fastpris/rabatt til fastbuande hushaoldskundar:

• Framlegget frå Dagfinn Bøygard (Ap) fekk 10 røyster (8Ap, 1V, 1Sp Bjørg Torsteinsrud)

• Punkt 1 i framlegget frå Knut Einar Haug (H) fekk 9 røyster (7H, 2Frp)

• Innstillinga frå Styret for Ål Kraftverk KF fekk 6 røyster (1SV, 5Sp Ola Terje Oleivsgard, Solveig L. Arnegard, Ivar Brevik, Tore Arnegard, Anders L. Herfoss)

Endeleg røysting:

• Punkt 1 i framlegget frå Knut Einar Haug (H) om fastpris til fastbuande i Ål fekk 9 røyster (7H, 2Frp) og fall mot 16 røyster for innstillinga frå Styret i Ål Kraftverk KF.

• Framlegget frå Ivar Brevik (Sp) om rabattordning for næringslivskundar vart samrøystes vedteke.

• Punkt 3 i framlegget frå Knut Einar Haug (H) om fastpris til fritidsbustadar i Ål fekk 9 røyster (7H, 2Frp) og fall.

• Styret si innstilling til 15 øre/kWh for sal til kommunen sitt forbruk vart samrøystes vedteke som punkt 3 i vedtaket.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.