Budsjett 2024 og Økonomiplan 2024 - 2027
Vedtak
Ål kommunestyret vedtek Årsbudsjett for 2024 med slike hovudpunkt – henvising til dokument kalla «Formannskapet sitt framlegg 21.11.2023 (etter høyringsuttaler)»:
1. Skatt:
a. Skatt på formue og inntekt samt selskapsskatt for 2024 blir fastsett til dei maksimalsatsar som er vedteke av Stortinget
b. Ål kommune skriv ut eigedomsskatt etter Eigedomsskattelova (Eskl.) §§ 2 og 3. Utskriving av eigedomsskatt følgjer Eskl. § 3, bokstav
c. Skatteøyret for næringseigedom blir sett til 7 ‰ med heimel i Ekskl. §§ 10 og 11, fyrste ledd
d. Skatteøyret for bustad- og fritidseigedomar blir sett til 2 ‰ med heimel i Eskl. §§ 10 og 11, fyrste ledd
e. Det blir skrive ut eigedomsskatt på det særskilte skattegrunnlaget i samsvar med overgangsregelen i Eskl. §§ 3, 3.de ledd, fyste punktum. Det særskilte grunnlaget skal i 2024 vere lik 1/7 av differansen mellom eigedomsskattegrunnlaget i 2018 og 2019 som har sin bakgrunn i at produksjons-utstyr og installasjonar ikkje skal reknast med i grunnlaget for verk og bruk som frå og med 2019 blir sett på som næringseigedom.
f. Skatteøyret for det særskilte skattegrunnlaget er 7 ‰ i samsvar med overgangsreglene til Eskl. §§ 3 og 4, fyrste ledd, siste punktum
g. Eigedomsskatten blir skrive ut i minst to terminar, maksimalt 6 terminar i samsvar med Eskl. § 25. Eigedomsskatten blir skrive ut saman med andre kommunale avgifter.
2. Driftsbudsjettet for 2024 blir vedteke i samsvar med skjema løyvingsoversikt drift §5-4, første ledd (alle tal i heile 1.000 kroner).
Sum driftsinntekter 713 794 Sum driftsutgifter 839 925 Netto driftsresultat -17 544 Sum disponering eller dekning av netto driftsresultat 17 544
Til fordeling drift – kr. 542 755
3. Driftsbudsjettet – nettorammar – for 2024 blir vedteke i samsvar med fordeling – skjema løyvingsoversikt drift §5-4, andre ledd (alle tal i heile 1.000 kroner).
4. Investeringsbudsjettet blir vedteke i samsvar med løyvingsoversikt investering etter §5-5, første ledd (alle tal i heile 1.000 kroner). Sum investeringsutgifter eigne investeringar – netto kr. 121 840 Sum kjøp av eigenkapitalinnskot KLP – kr. 1.500
Tilskot til andres investeringar kr. 1.500
Totale investeringar – netto kr. 124 800
5. Investeringsbudsjettet pr. prosjekt blir vedteke i samsvar med oversikt løyvingsskjema §5-5, andre ledd (alle tal i heile 1.000 kroner).
6. Investeringane finansierast ved overføring frå drift med kr. 40 670.
7. Rådmannen får fullmakt til å ta opp lån slik:
a. I Husbanken til vidareutlån (startlån) med 8 mill. kr., med flytande rente og 30 års avdragstid.
b. Med utgangspunkt i den reduserte overføringa frå Ål Kraftverk, får rådmannen om naudsynt løyve til å ta opp nødvendige lån på inntil 50 mill. til eigne investeringar med flytande rente og 30 års avdragstid.
8. Formannskapet får delegert fullmakt til å løyve inntil kr. 100.000 frå «Formannskapets pott».
9. Rådmannen får i samsvar med økonomireglementet og i samråd med formannskapet mynde til å disponere inntil kr. 400.000.
10. Kommunen sine betalingsordningar, eigenbetaling, avgifter og gebyr, blir handsama i eigne saker der dette er naudsynt utover dei retningsliner som ligg i budsjettdokumentet.
11. Ål kommunestyre har ambisjonar om å auke grunnbemanninga i både barnehagar og omsorgstenesta. Grunna manglande kvalifiserte søkjarar ser Ål kommunestyre det ikkje hensiktsmessig å auke med høvesvis to og to stillingar for budsjettåret 2024. Om ein likevel får kvalifiserte søkjarar vil kommunestyret auke potten til grunnbemanning i revidert budsjett våren 2024. Ål kommunestyre er svært bekymra for bemanningsutfordringane. Det må tenkjast nytt både når det gjeld å behalde, rekruttere, omstille og vurdere tenestenivået i åra framover.
12. Ål kommunestyre vedtek å busette 30 flyktningar i 2024 - i tillegg kjem familiegjenforening. Viss akuttmottaka i kommunen blir lagt ned i løpet av året kan det gjerast ei ny vurdering av kapasiteten.
13. Kommunestyret gir rådmannen fullmakt til å oppdatere talgrunnlag i punkta ovanfor når kommunestyret har vedteke budsjett for 2024.
Økonomiplanen sine år 2024-2027 blir retningsgjevande for vidare kommunal planlegging.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 172/2023 i møte den 21.12.2023
Behandlinga av saka tok til med at gruppeleiarane for kvart parti hadde kvar si overordna innleiing. Dagfinn Bøygard for Arbeiderpartiet, Jørund Li for Høgre, Ola Terje Oleivsgsgard for Senterpartiet, Liv Torunn Gullstein Torpe for Framstegspartiet, Marit Sehl for Sosialistisk Venstreparti og Sissel Urke for Venstre.
Følgjande mindretalsframlegg frå formannskapet vart fremma:
Jørund Li (H):
Eigedomsskatten blir redusert til 1 promille (gjeld ikkje verker og bruk), dekka ved bortfall eller reduksjon av bustøtteordninga, etablerertilskot. -------------- Følgjande nye framlegg vart sette fram:
Sissel Urke (V) gjorde framlegg om nytt verbalpunkt 13.
13. Kommunestyret ber administrasjonen legge fram ein heilskapeleg plan for bruk av midlar til energiøkonomisering i kommunale bygg. Planen skal synleggjere kva for tiltak som har størst forventa effekt økonomisk og energimessig. Det skal også foreligge ein plan for evaluering av tiltaka og dokumentasjon av oppnådd effekt.
Opprinneleg punkt 13 i formannskapet si innstilling blir nytt punkt 14.
Knut Einar Haug (H):
Høgre vil røyste imot nye låneopptak no, men at det kan vurderast, om naudsynt ved revidert budsjetthandsaming. Han ber derfor om at det vert røysta over følgjande kulepunkt frå voteringa i formannskapet 20.11.23:
Med utgangspunkt i den reduserte overføring frå Ål Kraftverk, får rådmannen om naudsynt løyve til å ta opp nødvendige lån på inntil 50 millionar.
For å synleggjera Høgre sitt forslag mot å ta opp lån, gjorde ordførar Solveig Vestenfor (Ap) framlegg om at det under voteringa vert røysta over punkt 7 b) i formannskapet si innstilling.
Framlegg frå Erlend Medgard (H) til nytt verbalpunkt:
Det vert oppretta eit utval som skal jobbe fram tiltak for bu og blilyst. Tiltaka skal vere basert på behov og ynskjer blant potensielle tilflyttarar og eksisterande ålingar. Utvalet leverer rapport og innstilling til kommunestyret i juni 2024. Tiltaka kan setjast i verk etter sommaren, dersom kommunestyret vedtek det. Utvalet skal bestå av 1 frå administrasjonen, 1 frå bu og blilyst-prosjektet og 4 politikarar, henholdsvis frå STNR, SUKO, SHO og formannskapet, med leiar frå formannskapet.
Framlegg frå Erlend Medgard (H) til endring i budsjettet:
Tilskotsordning for unge som vil kjøpe eller bygge bustad i Ål kommune vert avvikla (minus 10 millionar i 2024).
-------------------- Det vart halde gruppemøter.
--------------------
Framlegget frå Jørund Li (H) om å redusere eigedomsskatten til 1 promille fekk 9 røyster (7H, 2Frp) og all mot 16 røyster for formannskapets innstilling om eigedomsskatt på 2 promille.
Framlegget frå Sissel Urke (V) til nytt verbalpunkt nr. 13 fekk 9 røyster (1V, 7H, 1SV) og fall mot 16 røyster.
Framlegget frå Knut Einar Haug om å gå vekk frå om låneopptak i verbalpunkt 7b, og heller løyve frå disposisjonsfondet fekk 9 røyster (7H, 2Frp) og fall mot 16 røyster.
Framlegget frå Erlend Medgard (H) til nytt verbalpunkt fekk 9 røyster (7H, 2Frp) og fall mot 16 røyster.
Framlegget frå Erlend Medgard (H) til endring i budsjettet fekk 9 røyster (7H, 2Frp) og fall mot 16 røyster.
Til slutt vart innstillinga til samla budsjett for 2024 og økonomiplan 2024-2026 samrøystes vedteke, med dei endringane som var tilrådde av fleirtalet i formannskapet/økonomiutvalet.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.