Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Ål · Saker

Søknad om økonomisk støtte frå Ål IL

Sak 156/2023 · Kommunestyret 21. desember 2023 · Behandlet

Vedtak

Kommunestyret løyver kr 900.000,- til Ål IL for 2024, med ein politisk intensjon om delfinansiering for 2025- 2026. Kommunestyret understrekar at dagleg leiar skal vera ein ressurs for alle idrettslag i Ål kommune. Kommunestyret ber Ål IL jobbe målretta mot ekstern delfinansiering for vidare drift.

Løyvinga vert finansiert frå disposisjonsfondet.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret har behandla sak 156/2023 i møte den 21.12.2023

Bjørg Torsteinsrud (Sp) er leiar i Fjellet Idrettslag og hadde spørsmål til sin habilitet. Ho vart samrøystes kjent habil til å behandle saka.

Ordførar Solveig Vestenfor (Ap) orienterte om saka.

Framlegg frå Anders Lunden Herfoss (Sp) om endring av ordlyden i setning 1 og 3 i formannskapet si innstilling:

Kommunestyret løyver kr 900.000,- til Ål IL for 2024, med ein politisk intensjon om delfinansiering for 2025- 2026. Kommunestyret ber Ål IL jobbe målretta mot ekstern delfinansiering for vidare drift.

Innstillinga frå formannskapet vart samrøystes vedteken, med Anders Lunden Herfoss (Sp) sitt framlegg om endra ordlyd i setning 1 og 3.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.