Overføring av unytta investeringsmidlar frå 2023 til 2024-budsjett
Vedtak
A.Ål kommunestyre godkjenner at kr 18 685 000 unytta investeringsmidlane frå 2023 vert overført til budsjett 2024 fordelt på følgjande prosjekt:
011 Fornying låsesystem gamal del Ål helsetun 470 000
013 Næringstomter Torpo 3 700 000
016 Stavin, ny utleigebustad 1 000 000
037 Hago Burettslag 1 500 000
066 Trafikksikring/Trafikk 1 750 000
067 Vegen Baklien - Sandelien - privat veg 1 500 000
092 Renovasjonspunkt 1 800 000
118 Skattebøl skule renovering 300 000
1
30 Tilrettelegging budstad ein brukar 3 465 000
132 Prestegardsjordet- avd.miljøterapi 700 000
197 ENØK - eigne bygg 2 500 000
B.Ål kommunestyre godkjenner at unytta løyvingar til 1. gongs kjøp/bygging av bustad vert overført til 2024 med inntil kr 16,8 mill (summen vert redusert då fleire utbetalingar truleg blir gjort i desember) finansiert av disposisjonsfond.
C.Ål kommunestyre godkjenner at unytta midlar kr 50 000 til prosjekt tradisjonskultur vert overført til 2024 finansiert av disposisjonsfond.
D. Prosjekta i punkt A vert finnansiert ved låneopptak.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 171/2023 i møte den 21.12.2023
Ordførar Solveig Vestenfor (Ap) innleia om saka.
Knut Einar Haug (H) fremma følgjande mindretalsframlegg i formannskapet:
Alternativ finansiering: Prosjekta i punkt A vert finansiert frå disposisjonsfond.
Framlegget frå Knut Einar Haug (H) om å finansiere prosjekta i punkt A frå disposisjonsfondet fekk 10 røyster (7H, 2Frp, 1SV) og fall mot formannskapet si innstilling om finansiering ved låneopptak.
Innstillinga frå formannskapet vart elles samrøystes vedteken.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.